fbpx Helsesjukepleiar og klar for nye faglege utfordringar? | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Helsesjukepleiar og klar for nye faglege utfordringar?

Til å ha det faglege ansvaret for helsestasjonen og skulehelsetenesta søkjer vi no etter ein dyktig helsesjukepleiar med stor interesse for faget sitt. Den nye fagansvarlege må vere oppteken av korleis ein best kan få til helsefremmende og førebyggande arbeid blant barn og unge.

Vi ser etter ein helsesjukepleiar med fokus på heilskapeleg utvikling av helsestasjonen og skulehelsetenesta, og som jobbar målretta og systematisk for å ha eit best mogleg tilbod til barn og unge og familiane deira i kommunen. 

Vår nye fagansvarlege vil handtere dei daglege driftsoppgåvene for tenesta, og sørge for fagleg utvikling og kompetanseheving for dei øvrige tilsette. I tillegg vil tverrfagleg samarbeid med dei andre helsetenestene og oppvekstsektoren vere sentralt. 

Det kan bli aktuelt å tilsetje helsesjukepleiar utan fagansvar i staden for fagansvarleg avhengig av søkjarane. 

Arbeidsoppgåver

  • Oppgåver i helsestasjon, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom etter nasjonale retningslinjer, lovar og forskrifter
  • Direkte arbeid med barn og ungdom og deira familiar
  • Foreldrerettleiing
  • Fokus på tverrfaglegheit og tidleg innsats
  • Logistikk kring samarbeidspartar som skule, barnehage mv. 
  • Bestilling av medisinsk utstyr og anna til helsestasjonen
  • Superbrukar i CGM - helsestasjonen sitt fagsystem

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent utdanning som helsesjukepleiar/helsesøster
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid i helsestasjon og skulehelsetenesta
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Positiv
  • Tillitsskapande
  • Oppteken av tverrfagleg samarbeid
  • Strukturert

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktig løn
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger
  • Ein meiningsfull arbeidskvardag saman med trivelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Fjaler kommune - Helse og omsorg

Fjaler kommune har om lag 2850 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500.

Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, samt gode skular og sørvistilbod.

UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord, fjell og vakker natur.

Annonse
Annonse