fbpx Jordmor 70% og 60% fast stilling | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Jordmor 70% og 60% fast stilling

Gynekologisk og føde seksjon Stord, Helse Fonna HFhar 2 ledige stillinger som jordmødre.

Seksjonen er ei kombinert føde/barsel/gyn avdeling/poliklinikk og har ca 500 lågrisikofødslar i året og 5 gynekologiske senger. Som jordmor hos oss får du ein variert arbeidskvardag i ei til tider travel, men triveleg avdeling. Søkjar må være sjukepleiar i bunn. Stillinga er tredelt og inkludert helg. Andre stillingsstorleikar kan bli ledige. Skriv i søknaden om dette er av interesse.

Arbeidsoppgåver
  • Vi selekterer i forhold til normal- og risikofødslar i avdelinga. Som jordmor får du hovudansvar for normale fødslar.
  • Sjukepleie og omsorg til gynekologiske pasientar er også del av oppgåvene.
  • Tverrfagleg samarbeid er viktig for god kvalitet på vårt arbeid.
  • Studentrettleiing er også ei naturleg oppgåve i avdelinga, då vi har studentar av fleire kategoriar store delar av året.
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som jordmor
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Relevant sjukehuserfaring
Personlege eigenskapar
  • Strukturert
  • Pasientorientert
  • Sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Ha respekt for den enkelte pasient
  • Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
Vi tilbyr
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Startdato 3. august 

Kontaktinformasjon
Isabel Solvang Tofte
Seksjonsleiar
(+47) 47826086

Arbeidssted
Tysevegen 64 
5416 STORD

I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.