fbpx 2 stk 100% sjukepleiar | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

2 stk 100% sjukepleiar

2 stk 100% sjukepleiar, fast i Ullensvang kommune pt i Heimesjukepleien, Odda       

Heimesjukepleien er organisert under Heimebaserte tenester saman med Heimehjelp, Kommunalt hjelpemiddellager og Dagsenter for personar med kognitiv svikt.

I heimesjukepleien har vi brukarar i ulike aldersgrupper med ulike utfordringar, og vi er opptatt av å tilby tenester av god kvalitet til brukarane.

Arbeidsoppgåver:

  • Som sjukepleiar hos oss har du ansvar for å utføre og følge opp sjukepleiefaglege prosedyrar, observasjon, sjukepledokumentasjon, rapport mm
  • Samhandling med pårørande og andre instansar
  • Samarbeide tett med anna helsepersonell, og delegere oppgåver ut i frå kompetanse
  • Utøve pleie og behandling til brukarane saman med det øvrige personalet.
  • Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.
  • Dele kunnskap, samt rettleie kollegaer, studentar og nytilsette
  • Medansvar for forvaltning av ressursane.
  • Dosere medisinar og sørge for at legen sine medisinske forordningar vert utført.
  • Behandle E- meldingar 
  • Være ein god rollemodell og bidra til å følge verksemda sin visjon og mål

Kvalifikasjonar:

  • Du må vere autorisert sjukepleiar, men vernepleiarar kan søke og verte vurdert
  • Du må vise fram gyldig politiattast
  • Førarkort klasse B
  • Gode norsk kunnskaper skriftleg og muntleg, minimum B2

Personlege eigenskaper:

  • Du er fagleg engasjert og har interesse for ny læring
  • Du trives godt når ingen arbeidsdagar er like, og du tar ansvar når det trengs
  • Du må ha evne til å samarbeide på tvers av faggrupper
  • Du har evne til å gi og ta rettleiing
  • Du må ha evne til nytenking
  • Du tar initiativ og ansvar
  • Du er fleksibel
  • Du likar utfordringar

Vi tilbyr:

  • 100% fast stilling som sjukepleiar
  • Turnus dag/ kveld/ 3. kvar helg. Vi har årsturnus, og moglegheit for å tilpasse turnus.
  • Eit lærerikt og tverrfagleg miljø
  • Triveleg arbeidsmiljø med flotte kollegaer.
  • Fadderordning og introprogram for nytilsette.
  • Sjølvstendig og variert arbeid.
  • Internundervisning og fagleg påfyll med høve til vidareutdanning.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Lønsvilkår: 

  • Etter HTA
  • I tillegg tilbyr vi kr 25 000,-  pr år som fast tillegg på topp av tariff.
  • Stipend for nyutdannet sykepleier.
  • Andre med helsefagleg utdanning kan søke, og verte vurdert for tilsetting i vikariat.

Ullensvang kommune Heimebaserte tenester Odda

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.

Tar du utfordringa ?