fbpx Operasjonssjukepleiar | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Operasjonssjukepleiar

Lærdal sjukehus er eit lokalsjukehus for Indre Sogn. Lærdal ligg inst ved Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen, ferjefritt samband med reisetid på hhv. 4,5 og 3 timar. Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter. Vi har skule og barnehage i nærområdet og det er full barnehagedekning i kommunen. Les meir om Helse Førde HF

Avdeling for akuttmedisin ved Lærdal sjukehus søkjer operasjonssjukepleiar i 100% fast stilling snarast. Vi gjer merksam på at det i tillegg til lønn etter overeinskomst vert gitt rekrutterings-/stabiliseringstillegg på 100.000 kr pr. år i 100% stilling.

Arbeidsoppgåver
  • Operasjonssjukepleie til operasjonar innan ortopedi med hovedfokus på proteseoperasjonar
  • Sterilsentraloppgåver
  • For tida dagarbeidstid og fri kvar helg
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar 
  • Spesialutdanning innanfor operasjonssjukepleie vert kravd for spesialsjukepleiar
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg 
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
  • Erfaring med ortopediske proteseoperasjonar og 1. assistanse er ein fordel 
Personlege eigenskapar
  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
  • Vere ein god lagspelar
  • Må kunne arbeide sjølvstendig
  • Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team, med høgt arbeidstempo
  • Ansvarsbevisst og rasjonell
  • Trives med utfordringer
  • Løysningsorientert 
Vi tilbyr
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Rekrutterings-/stabiliseringstillegg på kr. 100.000 per år i 100 % stilling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø.
  • Lite miljø med oversiktlege forhold
  • Etter ønske kan det avtalast at ein mindre del av stillinga vert lagt til operasjonsavdelinga ved FSS
  • Sjukehuset kan legge til rette for leige av bustad etter behov. Oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg.

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Arbeidssted
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
Opne vegbeskriving

Kontaktinformasjon
Tom Nordstrand
Seksjonsleiar
(+47) 474 14 650