fbpx Sjukepleiar - Stord kommune | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Sjukepleiar - Stord kommune

Har du lyst å jobba på Knutsaåsen omsorgssenter som sjukepleiar i 100% fast stilling? Me har ledig stilling for sjukepleiar ved Knutsaåsen omsorgssenter frå snarast.

På Knutsaåsen omsorgssenter er det 46 rom, organisert som omsorgsbustader. Vår visjon er kultur, trivsel og omsorg i kvardagen

Som sjukepleiar vil du ha ei nøkkelrolle og dei arbeidsoppgåvene du vil møte i kvardagen er omsorg og pleie av bebuarar, kartlegging og igangsetting målretta sjukepleietiltak og medikament handtering. Det er ei stor bredde med varierte og spennande oppgåver.

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert sjukepleiar. 3. års-sjukepleiarstudenter er og velkomen til å søka på stillinga
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå eller interesse for arbeid med eldre
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • Det vil verte lagt vekt på evne til fleksibilitet, samarbeid, og god kommunikasjon med brukar, pårørande og kollega
  • Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Me ser etter deg som ser magien i møte med eldre menneskjer og at du ynskjer å gjere ein forskjell.

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
  • Eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson
Avdelingssjukepleiar Lidveig Stubhaug, tlf 53 45 43 06 / 53 45 43 34 eller einingsleiar Kristin Steinsland, tlf: 416 94 266 kristin.steinsland@stord.kommune.no

Om arbeidsgiveren
Lønningsåsen 1, 5417 Stord

Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute.

Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland
.

Annonse
Annonse