fbpx Dialysepasientar er utsette i krisetider Hopp til hovedinnhold

Dialysepasientar er utsette i krisetider

Foto: Flickr

Dialysepasientane er i ein svært sårbar situasjon i disse koronatider. Dei er avhengig av fleire behandlingar i veka. Utan den planlagde behandlinga kan det raskt bli ein dødeleg utgang for våre pasientar, skriv leiar i Norsk faggruppe for nyresjukepleiarar.

Ein sjukepleiar som jobbar på nyfødt intensiv på Ahus, kom heim frå ferie i Austerrike laurdag kveld, med tørrhoste men følte seg elles i god form. Da vedkommande ringde jobben med spørsmål om å stille på dagvakt søndag, var svaret ja.

Sjukepleiaren ønsket å teste seg, men fekk ikkje det. No er dei 16 på arbeidsplassen som var på same vakt i karantene i 14 dagar – fram til 22. mars, skreiv sykepleien.no.

Ahus-direktør Øystein Mæland sa dette til Romerikes Blad 9. mars: – Den tilsette har opptredd svært ansvarleg, spurt om råd og fått det. Likevel kom vi altså dessverre ut med ein positiv prøve blant ein av våre tilsette. Det er vi sjølvsagt veldig lei oss for. Vi er også i dialog med andre sjukehus i området med tanke på avlastning, dersom det skulle bli nødvendig. I løpet av veker har avdelinga lykkast i å bemanne opp, ifølge avdelingsleiar K. Solem.

Avhengig av regelmessig behandling

Dialysepasientane er i ein svært sårbar situasjon i disse koronatider. Dei er avhengig av fleire behandlingar i veka. Utan den planlagde behandlinga kan det raskt bli ein dødeleg utgang for våre pasientar.

Det er over 1200 pasientar som er under behandling med hemodialyse (blodreinsing) i Noreg. Dei møter på avdeling ved sitt lokalsjukehus minst 3 gonger i veka. Dette er kronisk sjuke personar som er totalt avhengig av å få behandling regelmessig for å overleve. Prosessen er krevjande, pasienten har ofte andre alvorlege sjukdommar i tillegg til terminal nyresvikt. Det krevjast to til tre sjukepleiarar med spesialistkompetanse som til ein kvar tid overvakar 6 pasientar av gongen.

Alvorlege konsekvensar

Ein dialysesjukepleiar har minst 2 års erfaring som sjukepleiar, og nokre har i tillegg vidareutdanning på 60 studiepoeng. Dersom ei mindre dialyseavdeling i mindre sentrale strøk enn Ahus får ei tilsvarande karantene på fleire av sine spesialsjukepleiarar, er det ingen tvil om at det vil ha direkte og svært alvorlege konsekvensar for pasientane under vår behandling.

Eg håper dette ikkje skjer.

Treng sårt betre bemanning

Dialyseberedskapen i helsevesenet treng sårt betre bemanning både i krisesituasjonen vi er i no, og i møte med nye kriser. Kanskje er løysinga å ha økt fokus på heimebasert behandling. Det er dokumentert at dette gir betre livskvalitet. Dialysepersonell initierer og trener pasienten heime slik at de kan utføre behandlinga meir sjølvstendig. Personalet som då utviklar kompetanse på dette i kommunal sektor kan fungere som ein buffer med spesialkompetanse til lokalsjukehuset ved akutte kriser.

Må sikre kompetanse

Eg oppfordrar med dette til fokus på å sikre økt kompetanse på dialyse i kommunehelsetenesten- både med tanke på noverande og kommande situasjonar for disse sårbare pasientane.

Sykepleier i Italia: Man spøker for ikke å gråte Forrige artikkel Uklare svar om sykepleierstudenters praksis Neste artikkel