fbpx Dagleg leiar | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Dagleg leiar

Vil du leie arbeidet med samforent medikamentell kreftbehandling i Helse Vest?
 
Kreftavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus skal etablere ei ny eining for styring av medikamentell kreftbehandling i Helse Vest, og vi søkjer nå etter dagleg leiar for eininga. Eininga skal sikre kvalitet og pasientsikkerheit i kreftbehandlinga ved sjukehusa i Helse Vest, og jobbe for samforent behandlingspraksis på tvers av sjukehusa i regionen. Eininga skal bestå av fire fagpersonar, inkludert dagleg leiar, og der lege, sjukepleiar og farmasøyt skal vere representert.

I dag har dei ulike sjukehusa i Helse Vest ulike kurskjema i Cytodose, tross like kreftdiagnosar og behandlingsformål. I 2022 blir Cytodose oppgardert, og det skal etablerast like kurskjema for alle sjukehusa i regionen. Leiar for eininga skal leie prosessen med å oppdatere og einsrette kurskjemaene, og skal vidare ha ansvar for den faglege forvaltinga av Cytodose og vedlikehald av kurdefinisjonane.

Arbeidet vil kreve bidrag frå alle sjukehusa i regionen. Utover arbeidet med kurskjema i Cytodose vil dagleg leiar også ta del i utviklinga av desentralisert medikamentell kreftbehandling i regionen. Det er ønskjeleg at medikamentell kreftbehandling i størst mogleg grad blir gitt nær der pasienten bur, dersom dette kan gjerast på ein forsvarleg måte. Etablering av onkologiske dageiningar ved mindre sjukehus er derfor under planlegging.

Leiar for eininga vil bli involvert i utforming av logistikk, krav til kompetanse og kursing for å sikre gode pasientforløp og høg kvalitet ved desentralisert medikamentell kreftbehandling.

Stillinga som dagleg leiar av eining for medikamentell kreftbehandling er lagt til avdelingsdirektøren sin stab. Arbeidet vil først bli lagt opp som eit prosjekt, og vil deretter bli overført til drift og utvikling av medikamentell kreftbehandling i regionen. Leiaren vil få rettleiing og moglegheit for personleg fagleg utvikling.

Vi søkjer etter ein lege eller sjukepleiar med erfaring frå medikamentell kreftbehandling, og med interesse for utviklingsarbeid, kvalitetssikring og pasientsikkerheit. Dagleg leiar vil rapportere direkte til avdelingsdirektøren, som også er leiar for prosjektstyret for regional fagforvalting for medikamentell kreftbehandling i Helse Vest. 

Arbeidsoppgåver
  • Leie operativ eining for medikamentell kreftbehandling i Helse Vest 
  • Koordinere arbeidet med å utvikle og forvalte kurdefinisjonar i Cytodose, samt fagleg forvalting av datasystemet Cytodose
  • Bidra til kompetanseutvikling for medikamentell kreftbehandling ved sjukehusa og apoteka i Helse Vest
  • Bidra til god samhandling mellom einingar i Helse Vest
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege eller sjukepleiar, med relevant spesialitet
  • Erfaring med medikamentell kreftbehandling i sjukehus og god forståing for organiseringa av denne behandlinga i dag. Det blir lagt vekt på erfaring frå bruk av Cytodose
  • Erfaring med tverrfagleg prosjektarbeid og undervising/formidling er ønskjeleg
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk
Personlege eigenskapar
  • Dyktig og engasjert fagperson med god gjennomføringsevne
  • Kreativ med evne til å jobbe sjølvstendig, ryddig og systematisk
  • God til å kommunisere og formidle
  • God på samhandling og samarbeid
Vi tilbyr
  • Interessante, samfunnsnyttige og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Dyktige og engasjerte kollegaer
  • Godt arbeidsmiljø med god kollegastøtte og høg fagleg kompetanse
  • Eit godt fagleg miljø i ein organisasjon som er i stadig utvikling
  • Eit godt samarbeid med dei andre sjukehusa i regionen
  • Utfordrande og variert arbeid i ein av Noregs største kreftavdelingar
  • Ein trygg arbeidsplass
  • Løn og tiltredelse etter avtale

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn.

Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Arbeidssted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen, Norge
 Opne vegbeskriving

Kontaktinformasjon
Hans Petter Eikesdal
Avdelingsdirektør
55 97 21 22

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar.

Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Annonse
Annonse