fbpx Fagutviklingsjordmor | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Fagutviklingsjordmor

Vil du vere med å utvikle fødetilbodet og jordmorfaget i vår store og spennande klinikk?

Ved Kvinneklinikken i Bergen søkjer vi fagutviklingsjordmor som brenn for fag, forsking og kvinnehelse. Du er opptatt av heilskapen innan svangerskap-, fødsel- og barselomsorg. Du har gjerne erfaring med forbetrings- og kvalitetsprosjekter og utarbeiding av fagprosedyrer. Du er strukturert, selvstendig og ein god teamarbeidar. Du trivast i eit aktivt miljø i utvikling og endring og ønskjer å bidra i eit spennande arbeid med engasjerte kollegaer.

Om Kvinneklinikken i Bergen
Fødeavdelinga på Kvinneklinikken (KK) ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen er ei av dei største føde- og barseleiningane i Noreg, og har om lag 4600 fødslar i året. I tillegg til å vere lokalsjukehus for Bergen og omegn tar vi imot fødande med komplikasjonar i svangerskapet frå heile vestlandsregionen. Seleksjon av fødande til ulike risikonivå er eit viktig fagleg prinsipp ( Les meir om Fødeavdelinga - Fødeavdelinga - Helse Bergen (helse-bergen.no)).

Kvinneklinikken i Bergen og Fødeavdelinga er inne i ei svært spennande tid med fokus på utvikling og førebuing til flytting til Glasblokkene i 2023. Der vil vi få eit enda tettare samarbeid med Barne- og ungdomsklinikken (Glasblokkene - Helse Bergen (helse-bergen.no)).

Fødeavdelinga har dei seinare år arbeidd med organisasjonsutvikling og det pågår eit arbeid med organiseringa av Fagavdelinga. Som ny fagutviklingsjordmor på KK vil du få vere med på å forme Fagavdelinga fram mot flytting, i tett samarbeid med klinikkleiinga.        

Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for å koordinere fagutviklinga på Fødeavdelinga
  • Utvikle og oppdatere fagprosedyrar
  • Koordinere og gjennomføre scenariotrening og internundervising
  • Prosjektarbeid, forbetringsarbeid og kompetanseheving
  • Fasilitere kvalitetsprosjekt og forskingsprosjekt på tvers av seksjonar og faggrupper
  • Noko klinisk arbeid inngår i stillinga
Kvalifikasjonar
  • Jordmorutdanning med norsk autorisasjon 
  • Gjennomført mastergrad
  • Forskarkompetanse er ein fordel
  • Erfaring frå forbedringsarbeid er ein fordel
  • Erfaring frå prosjektarbeid er ein fordel
  • Erfaring frå fødselsarbeid på kvinneklinikknivå er ein fordel
  • Erfaring med elektronisk fosterovervaking
  • Grunnleggjande IKT-kompetanse
  • Meistre norsk eller skandinavisk språk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
  • Engasjert
  • Gode kommunikasjons - og formidlingsevner
  • Strukturert og målretta
  • God teamarbeidar
  • Sjølvstendig
  • Trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Fleksibel
Vi tilbyr
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg  og personleg utvikling
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Arbeidssted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen, Norge
Opne vegbeskriving

Kontaktinformasjon
Martha Svarstad Vadset
Ass.klinikkleiar Kvinneklinikken
90507344
mvad@helse-bergen.no

Beth Iren Reistad
Jordmor/rådgivar
55976086
betr@helse-bergen.no

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Annonse
Annonse