fbpx Sjukeheimane i Alver kommune søkjer fleire dyktige og omsorgsfulle sjukepleiarar | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Sjukeheimane i Alver kommune søkjer fleire dyktige og omsorgsfulle sjukepleiarar

Gjengen i Alver

Alver kommune har fire sjukeheimer lokalisert på Lindås, Manger, Frekhaug og Knarvik

Alver kommune har fire sjukeheimer lokalisert på Lindås, Manger, Frekhaug og Knarvik.
Sjukeheimane våre har langtidsplassar, kortidsplassar, plassar for dei som lever med demens, rehabiliteringsplassar, avlastningsplassar og palliative plassar.
Som sjukepleiar hos oss vil du få utføre mange ulike sjukepleiefaglege oppgåver, og ha varierte arbeidsdagar.

Vi har no ledig fleire 100 % faste stillingar som sjukepleiar i kommunen. Vi har og ledig sjukepleiarstillingar på natt, og eit par vikariat.

Vi søkjer etter fagleg dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønskjer å være med å gjere sjukeheimstenestene til Alver kommune enno betre for framtida.
Vi tilbyr rekrutteringstillegg på kr. 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltrede (gjeld eksterne søkjare). Sjukepleiarar i Alver kommune ligg for tida kr 10.000,- over garantiløn etter Hovudtariffavtalen.

For full oversikt over stillingane – sjå : https://alver.easycruit.com/

Om arbeidsgiveren

Alver kommune er ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.650 tilsette. Sektor helse og omsorg består av om lag 935 årsverk og utgjer den største delen av kommunen med eigne tenesteområde for sjukeheim, heimeteneste, habiliteringsteneste, psykisk helse og rus, lege- og rehabiliteringsteneste og NAV. Vi har eiget forvaltningskontor og avdeling for fagutvikling stab/støtte. Kommunen ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.

Se en kort film om Alver Kommune her https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&t=19s

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med tenesteleiar Christina Løtveit Fosse, tlf 40910884, eller HR – rådgjevar Hilde G. Emblem.