fbpx Intensivsjukepleiar til 100 % fast stilling | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Intensivsjukepleiar til 100 % fast stilling

Voss sjukehus Intensiv har ledig fast 100 % stilling som intensivsjukepleiar. Stillinga er pt. 3 delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Stillinga er ledig frå 01.08.2022.

OM AVDELINGA:
Intensiv består av 6 senger som vert brukt fleksibelt mellom kirurgiske, medisinske og gynekologiske pasientar som treng intensiv overvaking og behandling. Avdelinga fungerer som postoperativ overvakingspost for elektive og ØH pasientar, og har ansvar for drift av dagkirurgisk avdeling, med 8 senger.

Intensiv bidreg inn i traumemottak samt Mobilt Intensiv Team og kollegastøtte ut på sengepost, og me har telemetriovervaking av pasientar ved andre avdelingar.
 
Personalgruppa har ein fin aldersmessig variasjon, og består av både kvinner og menn med hovedvekt av intensivsjukepleiarar. Me set faget og kompetansebygging i fokus, noko det forventes at alle bidreg til.

LITT OM VOSS SJUKEHUS:
Sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv/rec., radiologi med CT -og MR lab., fysioterapi avdeling og laboratorium med blodbank.

Voss sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt aktivitetsvekst og ynskjer å fortsette den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.

LITT OM VOSS:
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane er opna i desse dagar og ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo

Arbeidsoppgåver
  • Postoperativ oppvaking
  • Medisinsk overvaking
  • Intensivbehandling
  • Generell sjukepleie
  • Dagkirurgi
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning i intensivsjukepleie/master i klinisk sjukepleie
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Sjukepleiar utan vidareutdanning, men med erfaring med akutt kritisk sjuke pasientar og post.opr. pasientar kan søkje.
Personlege eigenskapar
  • God evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Godt humør og stå på vilje
  • Vilje til kompetansehevning/ vidareutdanning.
Vi tilbyr
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Årsplan
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Arbeidssted
Sjukehusvegen 16, 5700 Voss, Norge
 Opne vegbeskriving

Kontaktinformasjon
Kristin Sandstå Brattebø
Avdelingssjukepleiar
41566424

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Annonse
Annonse