fbpx Dekan - Fakultet for helsevitskap | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Dekan - Fakultet for helsevitskap

OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med nesten 22 000 studentar og over 2500 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.

Fakultet for helsevitskap er eit av Noregs største helsevitskapelege fakultet, med 6200 studentar fordelt på 11 helseprofesjonsstudiar og ei lang rekke masterprogram. Fakultetet har også 160 doktorgradsstudentar. Fakultetet si historie strekk seg tilbake til etableringa av jordmorutdanninga i Kristiania i 1818. OsloMet – storbyuniversitetet har campus i sentrum av Oslo og på Romerike.

Forskinga ved fakultetet spenner frå grunnleggande naturvitskapeleg helseforsking til praksisnær klinisk forsking, helsetenesteforsking og utdanningsforsking. Fakultetet har om lag 515 årsverk.

Til å leie Fakultet for helsevitskap søker universitetet ein dekan som har det overordna og strategiske ansvaret for verksemda ved fakultetet, og for at fakultetet utviklar seg i tråd med strategiar og mål. Dekanen rapporterer til rektor og sit i den øvste leiargruppa ved universitetet. Universitetet OsloMet står overfor mange viktige oppgåver i tida framover. 

Dekanen sine oppgåver er mellom anna

  • å leie og vidareutvikle fakultetet sine samla fagmiljø
  • å vere ansvarleg for fakultetet sin økonomi og resultat
  • å bidra til å utvikle universitetet OsloMet som ein leiande utdannings- og forskingsinstitusjon
  • å bidra til at universitetets faglege verksemd held høg internasjonal kvalitet
  • å leie fakultetsstyret

Vi søkjer deg som har

  • erfaring med leiing på høgt nivå frå komplekse kunnskapsorganisasjonar
  • doktorgrad eller tilsvarande (førstekompetanse) som er relevant for den faglege aktiviteten til fakultetet. Toppkompetanse (professor, dosent) er ein fordel.
  • vesentleg erfaring frå universitets- og høgskolesektorens kjerneaktiviteter
  • dokumenterbare resultat med å bygge ein kultur for utdanning og forsking av høg internasjonal kvalitet

 Vidare krevst det

  • erfaring frå leiing av endringsprosessar, strategiutvikling, implementering. Ein må kunne vise til dokumenterbare resultat.
  • kompetanse i økonomi- og ressursforvaltning, i tillegg til lov og avtaleverk i offentleg sektor, irekna medbestemming og medverking
  • kompetanse i internasjonale og nasjonale trendar innan høgare utdanning og forsking
  • gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk eller eit anna skandinavisk språk, og engelsk

Å vere personleg eigna og ha god forståing for fakultetet si rolle og posisjon vil bli tillagt vekt.

Vi ønsker ein dekan som

  • har evne til å utøve god personal- og strategisk leiing
  • har ein motiverande, tydeleg og inkluderande leiarstil prega av samarbeid og medverking
  • har ein resultatorientert leiarstil, og som kan identifisere seg med verdiane til OsloMet; lærande, nyskapande, mangfaldig
  • fremjar godt arbeidsmiljø, har gode samarbeidsevner, relasjonelle ferdigheiter og evnar å delegere og motivere leiare og medarbeidarar
  • er ein synleg og dyktig kommunikator i det offentlege ordskiftet, og overfor medarbeidarar og studentar på universitetet

Det er viktig for OsloMet å spegle befolkninga i regionen vår, og vi ønsker alle kvalifiserte søkarar velkommen. Vi arbeider aktivt for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og legg til rette arbeidsplassen dersom du treng det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkommen til å søke hos oss.

Vi kan tilby deg

  • spennande jobb på det tredje største universitet i Noreg
  • moglegheiter for fagleg utvikling i eit svært spennande fag- og forskingsmiljø
  • utfordrande og varierte leiaroppgåver i eit aktivt og mangfaldig arbeidsmiljø med høgt motiverte medarbeidarar på eit fakultet i utvikling
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens Pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar

Vi handterer berre søknader sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem og alle dokument må bli lasta opp for at din søknad skal bli handtert. Dokumenta må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må vere autoriserte. Dersom du blir innkalla til intervju må du vise fram originalen på intervjuet. OsloMet kontrollerer dokumenta slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.

Andre opplysningar

Dersom du ønsker meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med:

Ta gjerne også uformell og uforpliktande kontakt med seniorrådgjevar Øystein Dahl telefon +47 90 56 82 85 eller researchleiar Maria Loftheim telefon +47 48 25 72 31 i JeffersonWells.

Fullstendig stillingsinnhald finn du på ansatt.oslomet.no/stillingsbeskrivelser

Stillinga blir lønna etter Hovudtariffavtalane i staten og OsloMet sin lønnspolitikk i stillingskode 1474 dekan, lønnstrinn 86 – 94 tilsvarande kroner 1 025 200 – 1 220 400 per år. Høgare lønn kan bli vurdert for særleg kvalifiserte søkarar.

Tilsettinga blir gjennomført etter prinsippa i Statstilsettelova  (lovdata.no), og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester.

Vil du søke på stillinga må du søke elektronisk i vårt rekrutteringssystem.

Annonse
Annonse