fbpx Jordmor | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Jordmor

Har du lyst på ein spennande, givande og fagleg utfordrande jobb?

Vi har ledige stillingar for jordmor.

  • 1 x 100% fast frå
  • 5 x 75% vikariat med oppstart frå snarast til 31.12.24 og med mogelegheit for forlenging.

Seksjon føde/barsel i Ålesund har ca 1 200 fødslar i året, og seksjonen vår har eit høgt kvalifisert fagmiljø med jordmor-poliklinikk med svangerskapskontrollar og ultralyd. Mange av jordmødrene våre har spesialkompetanse innan ulike område. Vi har to fødestover med badekar, og tilbyr fødsel i vatn.

Vi er ei avdeling med godt arbeidsmiljø, og ønsker deg velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet er ved føde og barselavdelinga
  • Kontinuerleg og heilskapeleg fødselsomsorg

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som jordmor
  • Må mestre norsk munnleg og skriftleg
  • Tilleggskompetanse
  • Relevant erfaring
  • Sjukepleiar kan søkje, og kan bli vurdert til engasjement dersom vi ikkje får tilsett kvalifiserte jordmødre

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer etter dyktige, pasientorienterte, initiativrike jordmødre som har interesse for alle arbeidsoppgåver innan jordmorfaget, og som kan vere med å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelinga.
  • Du er motivert for fagleg utvikling
  • Du er inkluderande og løysingsorientert
  • Du er positiv, fleksibel og tilpassingsdyktig
  • Du har gode kommunikasjonsevner og er ein god teamarbeidar  

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.     

Byen vår! Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Marianne Bakken Omvik

Seksjonsleiar

Telefon:70105921

E-post: Marianne.Bakken.Omvik@helse-mr.no

Martha Kvasnes Molvær

Seksjonsleiar

Telefon:70105938

E-post: Martha.K.Molver@helse-mr.no


Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Annonse
Annonse