500 000

Blogg

500 000

 

Ein halv million!

Har det rabla for deg?,- seier du.

Ikkje i det heile tatt,- seier eg.

Det er for mye,

du tar ikkje ansvar,

det er ei vanskelig tid,

vis moderasjon,- seier du.

 

Florence hadde ikkje sagt dette,- seier du.

Nei, ho er død,- seier eg.

 

Eg mumlar at eg er

Tydelig,

Modig,

Stolt …

 

Eg skjønne ikkje ka du meiner, seier du.

Eg gjør ..

Ka skal eg si då?, - seier eg.

Argumenta mine er brukt før,- seier eg.

Likelønn,

verdsetting,

arbeidskraftsbehov,

ansvar,

vi er mange,

flest kvinner,

frontfagsmodellen,

kompetansebehov,

rekruttera,

beholda,

reallønnsvekst,

ei lønn og leva av.

Ka meir kan eg si?,- seier eg.

 

Dåkke er for mange, -seier du.

Ja, 106 000,- seier eg.

Det går ikkje,

det er egoistisk,

du tenker ikkje på andre,- seier du.

 

Eg tenker på 106 000 andre faktisk,

det er ikkje egoistisk,- seier eg.

 

Ein halv million,

500 000,

til alle,

med 10 år,

i 2019?,- seier du.

 

Det er mulig,

hvis du vil.

Eg har håp,- meiner eg.