fbpx Nyttig i møte med personar med migrasjonserfaring Hopp til hovedinnhold

Nyttig i møte med personar med migrasjonserfaring

Mange helsearbeidarar kan sikkert kjenna seg igjen i å ha endt i ein klein situasjon som kunne vore unngått hadde ein berre hatt meir forståing av pasienten sin bakgrunn. Om denne boka ikkje kan garantera at slikt aldri skjer, kan den i det minste gi verktøy og innsikt som er nyttig i møte med migrantar.

Bokfakta

Boktittel: Migrasjon, helse og profesjon
Forfatter: Jonas Debesay og Christine Tschudi-Madsen (red.)
Forlag: Gyldendal Akademisk, 2018
Sidetall: 216
ISBN: 9788205513907

Fagboka er ein antologi skriven av og med forskarar og helseprofesjonelle på migrasjonsfeltet. Ho har tolv kapittel med inngangar til tematikken gjennom ulike studiar. Boka ser på helsearbeidaren, migrantpasienten og samfunnet. Redaktørane har begge bakgrunn som sjukepleiarar og frå akademia. Det same har 9 av dei 15 medforfattarane, noko som gjer det naturleg med eit tydeleg sjukepleiarfokus gjennom studiane og eksempla gitt.

Boka er konkret idet den tek føre seg daglege kliniske gjeremål som stell, men den tematiserer også universelle tendensar når den ser på samfunnsstrukturar. Dette blir sett i ein kulturell kontekst, og det blir lagt vekt på korleis kultur og bakgrunn kan skapa ulike behov eller haldningar i kontakt med helsearbeidaren og helsevesen.

Dette er ei fagleg sterk bok som fungerer utmerka som ei innføring til tematikken. Kanskje ville den opplevast meir relevant for ulike profesjonar om den starta med å spørje seg kva til dømes ein sjukepleiar treng av innsikt og kompetanse i møte med pasientar med ulik kulturell og etnisk bakgrunn, framfor å presentera kva kunnskap ein har tilgang til på feltet.

Enkelte stader spør eg også meg sjølv om ikkje konklusjonar som blir trekt, berre er sunn fornuft. Eit eksempel på det er når Albertini Früh og Gravdal Kvarme hevdar at migrasjonsforeldre til born med spesielle helsebehov har stor utbytte av håp.

Sjølv om boka har eit sterkt sjukepleiarfokus, er det ikkje berre sjukepleiarar som vil kunne ha nytte av den. Boka er relevant for alle innan klinisk og sosialt arbeid. Dei samfunnsorienterte kapitla stiller spørsmål rundt både lovverk, praksis og verdiar, og dei ulike forfattarane brukar eit jordnært og forståeleg språk som flyt, sjølv når dei snakkar om abstrakte idear eller tolking av lovverket.

Leiarar for ulike føretak og avdelingar, personar som jobbar med utdanning innan aktuelle profesjonar på høgare nivå, og personar som jobbar med helsepolitikk, vil få viktig kunnskap og innsikt gjennom boka.

Antologien skildrar ei rekke interessante studiar, som viser konkrete situasjonar i personar med migrasjonserfaring og helsearbeidarar sine kvardagar som er nyttige og utvidande. Eg set spesielt pris på dei delane som stiller spørsmål rundt politisk praksis og prioriteringar, samt nokre veldig konkrete forslag til kompetanseheving skildra av Bregård og Tschudi-Madsen.

Annonse
Annonse