fbpx Høgt ambisjonsnivå som innfrir Hopp til hovedinnhold
Bokomslag av Asylsøkere og flyktninger. Psykisk helse og livsmestring

Høgt ambisjonsnivå som innfrir

Kunnskapen me som sjukepleirar har, vil påverka korleis me kan forstå og møta innvandrare med psykiske plager. Denne boka kan vere til stor hjelp. 

Bokfakta

Boktittel: Asylsøkere og flyktninger. Psykisk helse og livsmestring
Forfatter: Lars Lien, Ragnhild Dybdahl, Harald Siem og Irma Julardzija (red)
Forlag: Universitetsforlaget, 2019
Sidetall: 328
ISBN: 9788215031514

I 2015, då det kom store folkemengder som flyktningar til Noreg og Europa, opplevde Rådet for psykisk helse at kunnskap om flyktningar og psykisk helse var å finna rundt omkring i norsk helsevesen, men at den ikkje var samla skriftleg. Dei sette seg då føre å lage ei bok som var nyttig i det praktiske arbeidet. Det har dei lukkast med.

Boka er også relevant dersom du ikkje er i den direkte målgruppa. Dei fleste av oss vil koma i kontakt med pasientar med migrasjonshistorikk. Nokre av dei vil ha psykiske plager. Då er det viktig å ha innsikt i prosessar desse personane går gjennom både på det praktiske, juridiske og mentale planet. Kunnskapen me som sjukepleiarar har, vil påverka korleis me kan forstå og møta dei. Viss du er ein av dei som jobbar med flyktningar og/eller psykisk helse, har du sikkert fått med deg denne boka. Viss ikkje; skaff deg den nå.

Asylsøkere og flyktninger. Psykisk helse og livsmestring er ei velskriven og fagleg solid bok som gir nyttig innsikt. Dei 31 bidragsytarane har ulik kunnskap og erfaring frå praktisk arbeid med asylsøkarar og flyktningar, med undervisning eller forsking på migrasjon og psykisk helse. I tillegg til å drøfte ulike sider ved psykisk og psykososial helse, tek dei for seg viktige aspekt som søknad om opphald og dei omfattande prosessane rundt dette fram til busetting. Søkelyset er på ulike aldrar og grupper, frå barndom til alderdom, einslege mindreårige, familiar og papirlause.

Traumatiske opplevingar frå heimland eller frå flukt vert hyppig tematisert og eksemplifisert, til dømes gjennom korleis posttraumatiske stresslidingar (PTSD) kan gi utslag i rusproblematikk og smerter. Boka fokuserer på menneskerettar, individet sine ressursar og styrkar, trygging av sårbare og korleis stadig nedlegging av mottak gjer tilsette og bebuarar utrygge. Den tematiserer også seksuell helse og kvinnehelse. Det var spesielt interessant å les om korleis samtalegrupper vart brukt til å jobba med kvinner utsett for kjønnslemlesting og kapittelet som gir verktøy til bruk for arbeid med personar utsett for kjønnsbasert vald i krig.

I kapittelet som handlar om tilrettelagt avdeling (TA) på asylmottak, skildrar forfattaren mykje interessant om det daglege arbeidet der. Men det som vert omtala som «returarbeid» gjer at eg spør meg sjølv kva som er det overordna målet ved desse avdelingane. Forein arbeidskvardag der ein jobbar med flyktningar er kapitla om flyktningborn, traume og buar-medverknad relevante. Eg vil også trekka fram gode verktøy til hjelparen (som inkluderer sjølvhjelpsmetodar til brukarar) gitt i kapittel 14 og 16 om kommunikasjon, flashback, søvn, aktivitet, avspenning og normalisering.

Asylsøkere og flyktninger. Psykisk helse og livsmestring har eit høgt ambisjonsnivå, som eg opplever innfrir. Den har både breidde og spisskompetanse, fagleg tyngde og relevans.

Annonse
Annonse