"Vi berre gjer det"
Referer til artikkelen
Sandvoll A. "Vi berre gjer det". Sykepleien Forskning. 2014; 9(1):95-96. DOI: 10.4220/sykepleienf.2014.0120
Bakgrunn: Praksis i sjukeheim er kompleks, og arbeidet med rutinar, stell og kroppspleie har vorte vurdert som tungt og krevjande. Samstundes vert det stadig retta nye krav til arbeidet, gjennom til dømes Forskrift om kvalitet i pleie og omsorgstenestene, som inspirerte dette arbeidet. Pleiearbeidet har til tider vore møtt med ei noko negativ innstilling som kanskje påverkar oppfatninga av arbeidet. Praksisen til pleiarane inneheld ein del sentral kunnskap som ikkje er like lett synleg.
Hensikt: Å avdekke, utforske og beskrive kjenneteikn ved skjult pleiepraksis i sjukeheim.
Metode: Kvalitativ forskingstilnærming med eit feltmetodisk design (deltakande observasjon, intervju og dokumentanalyse).
Resultat: Analysen synte at pleiarane ser ut som at dei alltid veit kva dei skal gjere, og dei kjenner bebuarane godt. Den etablerte pleiepraksisen er inkorporert i pleiarane, og kvalitetsforskrifta har i liten grad fått innverknad. Pleiarane kjenner seg knytt til eitt sett med rutinar. Vidare synte analysen korleis ein uventa situasjon utvikla seg til å bli kaotisk og vanskeleg å meistre for personalet. Dette var uvanleg, men ved hjelp av utforsking og i lys av teori, beskriv studien kor kompleks pleiepraksisen kan vere. Ubehageleg åtferd hjå bebuarar får i nokre tilfelle fram vanskelege kjensler hjå pleiarane. Kjensler som er vanskeleg å innrømme.
Konklusjon: Pleiarane har utvikla ein felles pleiehabitus, og informantane sitt utsegn «vi berre gjer det» er ei dekkande beskriving. Pleiarane utfører oppgåvene automatisk, handterer det som blir oppfatta som ureint eller ubehageleg, fordi dei kjenner seg forplikta til det. Dette skjer utan at dei tenkjer over det.
Mest lest
Doktorgrader
Kort- og langsiktige følger etter distal dyp venetrombose og overfladisk venetrombose i underekstremitetene
Fødende kvinner vil ha ekte personlig omsorg
Korleis kan jordmor balansera etiske vurderingar om helsa til fosteret opp mot gravide kvinners autonomi og ønskjer i forhold til fosterovervaking?
Dokumentering av de udokumenterte – bruk av svangerskapsomsorg og perinatale utfall blant udokumenterte migranter i Norge
0 Kommentarer