fbpx Eit heilt liv på ti dagar Hopp til hovedinnhold

Eit heilt liv på ti dagar

Den er original på ein litt snodig måte.

Bokfakta

Boktittel: Oscar og den rosa damen
Forfatter: Eric-Emmanuel Schmitt
Forlag: Pantagruel
Sidetall:
ISBN: 978-82-7900-423-3

Anmeldelse: Denne boka handlar om Oscar på ti år som har leukemi og kort forventa levetid. Oskar finn ein besøksvenn på sjukehuset som han kallar bestemor Rosa. Ho råder han til å leve ti år kvar dag, og på den måten kan Oscar leve eit heilt liv på få dagar i tankane sine. Han opplever sitt første kyss, gifter seg og vert ein gammal mann gjennom både handlingar og refleksjon.

I si reise gjennom livet skriv han kvar dag til Gud for å fortelje korleis dagen i dag har vore. Dette er noko bestemor Rosa meiner kan vere nyttig slik at han ikkje føler seg så åleine.

Eg har tidlegare lese ein del bøker om menneske med alvorlege sjukdommar der fokuset er livet og døden, men ikkje ei bok som er laga som ei filosofisk forteljing. Boka er lita og tynn, men har likevel med mykje innhald. Den er original på ein litt snodig måte. Om ein ikkje reflekterer over innhaldet i ettertid, trur eg nokon vil synest den kan virke både litt enkel og lite interessant.

Førsteinntrykket er at den nesten er ferdig før eg har fått begynt. Den er lettlest og dei få sidene gjer at det nesten ikkje kan kallast ei bok. Men ei bok er det, og kvar einaste sida har mykje innhald om ein klarer å følgje den filosofiske tankegangen. Den raude tråden, slik eg ser det, er kor viktig det er å akseptere for å finne glede i kvardagen. Han bruker bestemor Rosa som støttespelar då han sjølv veit at han snart skal dø, samtidig som foreldra og andre vaksne rundt han oppfører seg som om dette ikkje er tilfelle.

Forfattaren får fram kor viktig det er å verte sett og høyrt også som barn, og å kunne få dele tankane sine både skriftleg og munnleg. Dette får han fram gjennom den spesielle filosofiske måten han skriv på.

Eg anbefaler den til alle som synest det gir meining å reflektere over aksept, det å bli sett og høyrt og å kunne sette ord på tankane sine.

Annonse
Annonse