Dei unges eigne stemmer

Bokanmeldelse

Kva treng eigentleg ungdom i møte med psykisk helsevern? I denne boka får du høyre det frå dei sjølv.

Bokfakta

  • Boktittel: Fra oss som kjenner det. Unge deler erfaringer og gir råd.
  • Forfatter: Julie proff, Anika proff, Sandra proff, Lisa proff, Marius proff, Heidi B. Grande
  • Forlag: Universitetsforlaget 2019
  • Sidetall: 134
  • ISBN: 978-82-15-03215-3
  • Anmeldelse:

    Søren Kierkegaard beskreiv løyndommen i all hjelpekunst som «At man, når det i sannhet skal lykkes en å føre et menneske til et bestemt sted, først og fremst må passe på å finne ham der hvor han er og begynne der».

    Det er dette boka handlar om. Den tar for seg ungdom i alderen 14–21 år som har hatt kontakt med psykisk helsevern, og dei deler ærleg sine erfaringar og gjev råd til fagfolk som behandlar ungdom – frå hjarte til hjarte. 104 ungdomar har bidratt i boka og fortel frå sine møter med psykisk helsevern og ulike behandlarar – på godt og vondt. Dei ønsker å vere ei stemme for andre ungdomar som har det vanskeleg og treng hjelp.

    Desse ungdommane vert kalla «proffar», fordi dei er proffar i systema dei er i. Boka er gitt ut på Universitetsforlaget i samarbeid med Forandringsfabrikken, som er eit kunnskapssenter driven av ein ideell stiftelse. Dei har som formål å bidra til at barn og unge sine erfaringar frå møter med ulike offentlege hjelpetenester blir brukt til positiv endring. Dei ber om å bli lytta til og møtt med hjartet først.

    Boka er lettlest, har ei oversiktleg innhaldsliste og fine bilete. Ho startar med ei personleg helsing til deg som møter ungdom i arbeidet ditt. Innleiinga er oppmuntrande ord om at DU kan bidra, nettopp du kan gjere ein forskjell for den ungdommen du møter i dag. Denne helsinga er frå ungdommen sjølv, og speglar tilbake at dei har tru på at den behandlaren dei møter i psykisk helsevern kan hjelpe dei når livet er vanskeleg å handtere - iallfall dersom du tar med råda dei deler med deg her i boka.

    Forfattarane legg ikkje vekt på fagteoriar eller anna forsking, men presenterer «proffane» sine eigne erfaringar. Under kvart tema er det ein introduksjon. Fleire gode og mindre gode erfaringar er knytt opp til dei ulike tema, og ungdommen summerer opp kvart tema med konkrete råd til fagfolk. Råda kan gå litt i kvarandre, det er greitt, det er viktige synspunkt, og vi kan godt høyre det fleire gonger.

    Målet med boka er å oppmuntre lesaren til å lytte til dei unge si stemme og fremme endring i behandlar sitt møte med ungdom i psykisk helsevern. Dei etterspør empati og interesse for korleis den unge eigentleg har det, og kva den unge treng for å skulle få det betre i kvardagen.

    Boka anbefalast varmt for studentar og erfarne fagfolk. Ho kan vere til nytte for den som ønsker å forstå ungdom betre og vil vere med å bidra til at ungdom møter trygge og varme vaksne. Boka er vel verdt å lese!

    Kort sagt, med eit sitat frå boka: «Ha hjertet foran og kunnskapen på ryggen.»

  • Bokanmeldelse
    Alle bokanmeldelser