fbpx Hjelp til å våge å vere i livet Hopp til hovedinnhold

Hjelp til å våge å vere i livet

Ei lett tilgjengelig og aktuell bok til ungdom, om «livet og sånn» i stort monn.

Bokfakta

Boktittel: #VÅGÅVÆRE
Forfatter: Tale Maria Krohn Engvik – Helsesista
Forlag: Cappelen Damm, 2019
Sidetall: 230
ISBN: 978-82-02-57858-9

#VÅGÅVÆRE, slagordet til Helsesista, er dagsaktuelt. Ho oppmodar ungdom til å våge å vere til stades i livet, våge å vere modig, våge å vere svak, sårbar, tydeleg, annleis og god.

Målgruppa er ungdom og unge vaksne generelt, men særskilt dei som slit. Unge som synes livet er overveldande, som skal stå på eigne bein og klare seg sjølv i møte med andre og livets krav, ungdom som skal ta val, og da helst gode val. Helsesista si bok er nær og direkte om det å våge å vere seg sjølv og kva det inneber. 

Boka er lett å lese, det er stor skrift, språket er forståeleg og boka er lett å navigere seg i. Det vert brukt enkle illustrasjonar og ein layout i alle regnbogen sine farger. Innimellom kjem det råd, tips eller triks frå Helsesista eller ungdom som ho har snakka med. Forfattaren har nytta seg av fagkonsulentar innafor psykologi og Stine Sofies Stiftelse til dei ulike temaa.

Forfattaren vektlegg først temaet tankar og kjensler og gjev boka dermed ein god start. Ho fokuserer på at det er viktig å våge å vise og dele tankar og kjensler du har inni deg – ikkje minst gutane. Vidare tar ho opp aktuelle tema om kropp og kjønn, legning og seksualitet, porno og nudes. Ho siterer samtaler med ungdom og viser her at ho er på bølgelengd med ungdomen, men er likevel ein fornuftig og tydeleg hjelpar.

Siste del av boka rettar fokus på når det blir ekstra vanskeleg, noko som har hatt stort fokus i media i det siste. Det gjeld til dømes vald, overgrep og sjølvmordstankar. Her vert det vist til ulike lovverk. Helsesista oppmuntrar stadig den unge til å snakke opent og ærleg med foreldra sine – og nokon må øve seg på dette. Forfattaren viser også til kor ungdom kan søke hjelp og råd, til dømes helsesjukepleiar på skolen, lærar/miljøterapeut ved skolen, eller andre instansar via telefon og chat.

Til slutt vert #happymoments tatt fram. Dette for å minne om at det er viktig å legge merke til dei små fine augeblinka når vi har det bra. Desse korte augeblinka er lykke, ein skatt som er til å ta vare på.

Engvik møter ungdom med ein anerkjennande varme og respekt. Boka speglar hennar engasjement og ønske om å gjere ein forskjell.

Boka er til ungdom og handlar om «livet og sånn» i stort monn. Fagarbeidarar som jobbar med og blant ungdom vil kunne kjenne att tema og ungdomsproblematikk, foreldre til ungdom vil kunne få innblikk i kva ungdom er opptatt av og finn gjerne støtte på korleis møte den unge og kunne vere der for ungdommen òg når det stormar i livet. Boka bidra i liten grad med fagleg nytt for oss som er helsesjukepleiarar, men er svært aktuell for ungdom.

Annonse
Annonse