fbpx Ei skam for landet Hopp til hovedinnhold

Ei skam for landet

Illustrasjonen viser en mann som sitter på en svær steinblokk og som blir dratt av flere menn.

Teikninga er tydeleg: Også offentleg finansierte verksemder har gløymt Fadervåret, skriv Anders Folkestad.

Du hugsar det sikkert: «Adecco-skandalen» i 2011. Det blei avslørt at ein Adecco-driven sjukeheim i Oslo både hadde dumpa løna og brote arbeidstidreglane. For å gjere dette mest mogeleg effektivt hadde tilsette hatt «hybel» i kjellaren. Og visst nok var denne sjukeheimen lenge eit utstillingsvindauge for vellukka konkurranseutsetting.

Rabalder

Slik var det heilt til ein modig tillitsvald varsla om falskneriet. Det blei rabalder. Media var på hogget, og det blei uråd for Adecco å vri seg unna. Dei skjønte at omdømmet stod på spel. Og rett skal vere rett: Etter ei tid blei det inngått eit forlik, visst nok hemmeleg. Men tilsette fekk etterbetaling. Det blei lovd bot og betring.

Likevel, teikninga er tydeleg: Også offentleg finansierte verksemder har gløymt Fadervåret, og fell ut i freisting. Liknande driftsformer har kome til synes også andre stader i landet.

Risikosport 

Helsesektoren er ikkje så uskuldig som ein skulle tru. Konkurranseutsetting er ein av drivarane nedover. Det blir «lønnsamt» først og fremst fordi pensjonsvilkåra blir svekka. Sjukepleiarane er gjennom lov langt på veg verna mot dette. Likevel finst det døme på at innleigebyrå vrir seg unna lovfesta pensjonskrav når dei hyrer inn utanlandske sjukepleiarar.

Arbeidsinnvandringa har gjenoppliva ein risikosport vi skulle tru var avvikla her til lands: Å utnytte arbeidsfolk. Lover og reglar, og folkeskikk, blir sett til sides for å vinne anbod eller betre innteninga. Risikoen for å bli avslørt har vore liten – alt for liten. For mange som jaktar på arbeid er litt lønn betre enn null lønn. Lange arbeidsdagar er betre enn arbeidsløyse. Særleg når nauda er stor. Dermed blir utanlandske arbeidsfolk brikker i eit skammeleg spel. Flyktningsituasjonen forsterkar dette. 

Misbruk av arbeidsfolk

Gong på gong kjem stygge enkeltsaker for dagen. Ofte med koplingar til arbeidslivskriminalitet og økonomisk kriminalitet. Bransjar der krava til formell kompetanse er svake eller fråverande er særleg utsette.

Trass i politiske handlingsplanar og trass i innsats frå fagrørsla, ser misbruk av arbeidsfolk ut til å ha fått fotfeste.

Allmenngjeringsordninga, der minste tarifflønn blir lovfesta, har hatt ein viss effekt. Men ikkje nok til å sette stoppar for undergravinga av norske lønns- og arbeidsvilkår. Og slett ikkje i uorganiserte område. 

Skamplett

Det som skjer er ein skamplett på det norske samfunnet. Somme prøver å bortforklare: Dette er vanleg i mange andre land. Der er svart arbeid og korrupsjon ein del av kulturen, er argumentet. Javel, men det held ikkje. Dette skal ikkje skje i Noreg. 

Andre vil ha det til at sosial dumping eigentleg er bra. Dårleg løn og dårlege arbeidsforhold i Noreg er trass alt relativt bra samanlikna med mange andre land. Snakk om å relativisere seg vekk frå heimlege realitetar!

Det kan verke som om opne grenser og fri flyt av folk og kapital gjer nasjonalstaten makteslaus. Men politikken kan sette grenser når mange nok politikarar vil. Det kan vi som borgarar og forbrukarar også gjere. Eg og du har ansvar viss vi tener på at andre taper. Moralisering? Javel, i så fall trengst det.

Kanskje må fagrørsla revurdere motstanden mot lovfesta minstelønningar? Dette treng ikkje, når alt kjem til alt, bli ei trussel mot forhandlingar og tariffavtalar.

Allereie innført

Enn om partane i arbeidslivet – saman med regjeringa – fekk fullmakt frå Stortinget til å forhandle fram minstelønningar som skal gjelde også for uorganiserte?

«Det går ikkje. Slik har vi ikkje pleidd å gjere det». Eg høyrer innvendingane frå alle sider av bordet. Men skal ikkje trepartssamarbeidet vere dynamisk? Dessutan er ei liknande ordning allereie innført. I det statlege tariffområdet blir forhandlingsresultatet partane kjem fram til formelt godkjent av Stortinget. Og gjeld for alle – organiserte som uorganiserte.

Gong på gong kjem stygge enkelt-saker for dagen.
Anders Folkestad

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse