fbpx Mot ei inkluderande samtaleteneste Hopp til hovedinnhold

Mot ei inkluderande samtale­teneste

Spørsmålet er ikkje om me bør ha prestar tilgjengelege for pasientar, det bør me i ein eller anna form, på lik line med representantar frå andre trussamfunn, skriv Eskild Hustvedt.

Det var med glede at eg las på sykepleien.no at St. Olavs Hospital har tilsett ein ikkje-religiøs samtalepartner ( Sjelesørger utan gudstro).

At dei no kan dekkje behovet til fleire pasientar direkte på sjukehuset, utan å kalle inn nokon eksterne, er fantastisk. At dette vart ein sjukepleiar synst eg òg er naturleg, all den tid eksistensiell og åndeleg omsorg fell under ein sjukepleiar sitt ansvarsområde (1). Ikkje alle er like entusiastiske, i ein artikkel ( Sykehusprest er en profesjon) publisert 11. mars 2016 på sykepleien.no reagerer sjukehusprestane Eidslott og Nordengen på ordninga.

Ikkje-religiøs samtalepartnar

Primært verkar det som om dei baserer seg på at «sjukehusprest er ein profesjon», og difor reagerer på at den ikkje-religiøse samtalepartnaren er tilsett i prestetenesta ved sjukehuset.

Profesjonskamp er ikkje eit ukjend konsept i helsetenesta, så dette er kjent terreng. No påstår altså ikkje den nye samtalepartnaren å vere prest heller, det er jo heile poenget, ho er berre tilsett som ein del av prestetenesta, på same måte som ein hjelpepleiar ikkje påstår å vere sjukepleiar sjølv om ein strengt tatt er ein del av sjukepleietenesta.

Hadde namnet vore heile problemstillinga til forfattarane kunne eg ha vore til dels einig, det er ikkje naturleg å ha ein ikkje-religiøs samtalepartnar tilsett i ei presteteneste, like lite naturleg som det er å i 2016 å ha ei presteteneste på eit sjukehus i det heile tatt. I følgje Taule (3) var den delen av befolkninga som sa at dei trur på ein gud (uavhengig av religion) 53 prosent i 2008, mens det var 70 prosent i 1982 (3). Utviklinga er relativt tydeleg.

Korleis tilpasse

Likevel er ikkje spørsmålet om me bør ha prestar tilgjengelege for pasientar, det bør me i ein eller anna form, på lik line med representantar frå andre trussamfunn. Spørsmålet er korleis ein kan tilpasse tenesta til det som er situasjonen i dag.

«If it works, don’t fix it!» skriv Eidslott og Nordengen. Men er det sånn at prestetenesta fungerer fantastisk? Det er diverre lite data på området, men ei pilotstudie av amerikanske ateistar utført av Smith-Stoner (2) skildrar eit sterkt ynskje blant deltakarane om å få sin ikkje-tru respektert. Smith-Stoner (2) skriv òg at ho fekk mange rapportar om at det ikkje vart respektert. Kva betre måte å respektere nettopp dette på enn ved å tilby ein ikkje-religiøs samtalepartner? Eg vil tru at forfattarane klarar å sjå dei potensielle problema ved at det er ein prest ein får tilbod om.

"Livssynstjeneste" og "eksistensiell samtaleteneste"

Eg må innrømme at eg finn det relativt absurd at dei i same avsnitt både skriv at sjukehusprest handlar om vår identitet som folk samstundes som det ikkje er eit «kirkelig privilegium». For det fyrste, vår identitet som folk høyrer ikkje heime på eit sjukehus, der høyrer det som best vil hjelpe pasientane heime. For det andre, det er jo nettopp eit kyrkjeleg privilegium at ein har hatt livssynsmonopol på sjukehusa så lenge, og når det ikkje lenger er eit faktum får me raskt eit innlegg i eit profesjonsblad som argumenterer mot at ein skal få ei mindre kyrkje-sentrisk teneste.

Det eg synst Eidslott og Nordengen argumenterer godt for er at me ikkje lenger bør ha ei presteteneste, men kanskje ei «livssynsteneste», eller «eksistensiell samtaleteneste». Når me no likevel har ei presteteneste, er det godt å sjå at den vart vidareutvikla til gode for alle våre pasientar, men det er trist at somme sjukehusprestar stil seg i vegen for dette. Difor vil eg runde av med å hylle sjukehusprestane ved St. Olavs Hospital, som har teke oppgåva si såpass alvorleg at dei har tilsett personar av andre livssyn. Det lovar godt for framtidas pasientar.

Referansar:

1. Henderson V. Sykepleiens grunnprinsipper. Ny utg. Norsk sykepleierforbund, Oslo, 1986.

2. Smith-Stoner M. End-of-Life Preferences for Atheists. Journal of Palliative Medicine. 2007. 10 (4): s. 923–928.

3. Taule L. Norge – et sekulært samfunn? 2014. URL: http : / / www . ssb . no / kultur og-fritid/artikler-og-publikasjoner/norge-et-sekulaert-samfunn (sjekka 15.03.2016).

Eg hylle sjukehusprestane ved St. Olavs Hospital, som har teke oppgåva si såpass alvorleg at dei har tilsett personar av andre livssyn.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse