fbpx Treng me nasjonale prøvar? Hopp til hovedinnhold

Treng me nasjonale prøvar?

Kvifor er det ikkje nasjonale prøvar i sjukepleie? Kan det vere uttrykk for at sjukepleie som teoretisk fag ikkje har så stor plass i norske sjukepleieutdanningar? spør Jeanne Boge.

Bachelorutdanning i sjukepleie ved Høgskolen i Bergen (HIB)  gjorde det best på den nasjonale prøven i naturvitskaplege fag som blei offentleggjord 17. mars 2016. Dei gode resultata har heilt sikkert samband med at HIB rekrutterer nokon av dei teoretisk sterkaste sjukepleiarstudentane i Noreg. HIB har dyktige førelesarar og Institutt for sykepleie ved HIB gir dei naturvitskaplege faga stor plass i den teoretiske delen av utdanninga.

Ulike konkurransevilkår

Ved alle rangeringar bør konkurransevilkåra vere så like som mogeleg. Det kan vere at norske bachelorstudentar i sjukepleie hadde ulike konkurransevilkåra då den nasjonale prøven blei gjennomført. Det er for eksempel slik at bachelorstudentar i sjukepleie ved HIB får teoretisk undervising i medisinske og naturvitskaplege fag tilsvarande 32 studiepoeng, medan studentar ved ei anna norsk bachelorutdanning i sjukepleie arbeider teoretisk tilsvarande 22,5 studiepoeng med naturvitskaplege fag. Norske bachelorstudentar i sjukepleie har med andre ord ikkje same rom for å fordjupe seg i naturvitskaplege fag.

Avspeglar høgst sannsynleg ulik rekruttering

Sjølv med same konkurransevilkår vil det truleg vere store forskjellar mellom ulike utdanningar, og ulikskapane vil høgst sannsynleg samsvare med karakterane ein må ha for å få studieplass ved respektive sjukepleieutdanningar. Om denne antakinga er rett, må utdanningar som har svake resultat frå nasjonale prøvar auke opptakskrava om dei vil kome høgare på resultatlistene. Men sidan det så vidt eg veit ikkje fins evidens for at sjukepleiarar som har gjort det bra på testar i naturvitskaplege fag, er betre sjukepleiarar enn andre, kan auka opptakskrav vere eit blindspor.

Teoretisk undervisning i sjukepleie

Kvifor er det ikkje nasjonale prøvar i sjukepleie? Kan det vere uttrykk for at sjukepleie som teoretisk fag ikkje har så stor plass i norske sjukepleieutdanningar? Teori om medisinske og naturvitskaplege fag ser ut for å vere viktigare enn teori om sjukepleie.

Ved HIB opparbeider bachelorstudentar i sjukepleie fleire teoretiske studiepoeng i medisinske og naturvitskaplege fag enn dei gjer i sjukepleiefaget. Eg er redd for at dei nasjonale testane med tilhøyrande medieoppslag om kor dårleg det står til med naturvitskapleg kunnskap hjå norske sjukepleiarstudentar, kan medverke til at naturvitskaplege fag får endå større plass i norske sjukepleiarutdanningar, med tilsvarande mindre rom for teoretisk undervising om sjukepleie.

Den nasjonale prøven i naturvitskaplege fag var ein pilot. Før ein set i verk nye nasjonale testar er det etter mitt skjønn ei rekkje problemstillingar som bør drøftast.

Teori om medisinske og naturvitskaplege fag ser ut for å vere viktigare enn teori om sjukepleie.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse