fbpx Pyse eller ikkje vondt nok? Hopp til hovedinnhold

Pyse eller ikkje vondt nok?

«Du har visst dårlege kne, du». Eg gjekk opp ei trapp i flokk og følgje. Meldinga kom bakfrå.

Det var Kari. Erfaren sjukepleiar, med skarpt kritisk blikk. Vi var ikkje kjende, men vi var på same tilstelling.
Ho observerte det eg vanlegvis prøvde å kamu­flere. Begge knea mine er skamferte. Mest av meg sjølv. Men gjennom åra har helsetenesta vore inne og mekka på begge. Det venstre er verst.  
«Ser du det altså,» spurde eg. «Ja, du prøver å stige «lett» på det eine beinet, for så å overbelaste det andre. Du får nok snart problem der også.» Eg smilte det vekk, vel vitande om at ho ­allereie hadde rett.

Oppreinsking

Litt seinare møttest vi att. Eg fekk vite at sjukepleiar Kari arbeidde på ortopedisk avdeling på eit sjukehus. «Har du fått undersøkt knea dine skikkeleg», spurde ho. « Ja, og på ei oppreinsking for vel ti år sidan, fekk eg eit hint om at neste steg var protese.» Berre ordet fekk meg til å grøsse. 
«Det er jo ein ganske stor operasjon», sa ho. «Mange får ein ny kvardag. Men du må vere klar for det». 
Eg sa ikkje at eg lenge hadde «studert» temaet kneprotesar. Dessutan hadde eg intervjua fleire som hadde vore gjennom det. Mange var fornøgde, men slett ikkje alle. Skrekk og gru, sa det framleis inne i meg.

Takling 

Venstrekneet har plaga meg heilt sidan den fatale taklinga på Hareid stadion ein gong tidleg på 70-talet. Laterale menisk blei fjerna. Rubb og stubb, på ærverdige og katolske Florida i Bergen. Visst nok etter læreboka den gongen.
Etter det har helsestellet gjennomfotografert knea mine fleire gonger, i takt med teknologiutviklinga. Men kvar gong har eg overfor lækjaren argumentert med at det er for tidleg å gå protesevegen. Er det ikkje slik at faren for komplikasjonar er ganske stor?
Eg har jo ganske høg smerteterskel, har eg sagt, dels til meg sjølv. Eg ventar, har eg konkludert, meir enn ein gong. Men knea har sølvsagt ikkje blitt betre. Tvert imot. Trass i at ei rekkje fysioterapeutar har pålagt meg mange, lange og grusamt kjedelege øvingar som skal styrke og førebyggje.

Ikkje tvil

Sjukepleiar Kari overtydde meg om at eg måtte tenke­ meg om. Ein gong til. Det blei ein ny tur til lækjar. Han såg i journalen, henta fram gamle «foto», og var ikkje tvil. Det blei ­rekvisisjon til ortopedisk spesialist. 
Nokre veker seinare, ikkje så reint få forresten, gjekk eg inn ein sjukehuskorridor. Ventelister er det jo over alt i helsestellet. Eg blei tatt godt i mot av ein hyggeleg sjukepleiar. Etter å ha fått vite det ho skulle, ønskte ho meg lukke til. Er dei alltid så blide, desse sjukepleiarane, undra eg. 
«Det er ikkje tvil om at kneet ditt kvalifiserer for protese». Lækjaren spurde om trimnivået mitt, om hevelsar eller smerter. Eg må berre seie som sant er: Også denne gongen gjorde eg tilstanden litt betre enn realiteten. Sjukehuslukta og forklaringa på kva som skulle gjerast, gjorde at eg plutseleg såg meir optimistisk på skavankane mine.

Overforbruk

«Ok», konkluderte lækjaren, «då ventar vi». Eg betalte eigenandelen på veg ut. Men eg kunne likevel ikkje vri meg unna tanken: Ikkje rart det blir ventelister viss mange gjer som eg – går til service og får diagnosen, men vrir seg unna neste steg. Kanskje medverkar eg til eit av Spekter sine skrekkbilde – statistikk med overforbrukarar av spesialisthelsetenesta, og som gjer køane endå lengre for dei som verkeleg treng hjelp? Og som fører til meir press på arbeidstida til sjukepleiarane. Tenkte eg.
Det er no gått om lag halvtanna år. Det har blitt som spådd. Det enda opp med ny fotosession. «Hovudproblemet ditt er framleis venstrekneet. Det er bein mot bein. No er du kanskje klar», ­lurte lækjaren.
Datoen er klar. I første omgang for ny spesialistvurdering. Har eg vondt nok no? Eller er det framleis høg pysefaktor som vil styre?

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse