Nye studentar og politiattest
Med årets studiestart har fleire tusen nye studentar levert inn politiattest. Universitet og høgskular har viktig arbeid føre seg, skriv Anne-Grethe Naustdal.
Ved studiar der studentar kan komme i kontakt med mindreårige eller andre sårbare grupper som del av praksis eller klinisk undervisning, så må kvar student legge fram politiattest. Politiattesten skal gje informasjon om alvorlige narkotika-, valds- og seksualbrotsverk, lekamsfornærming, ulovlege tvangsbrotsverk, fridomsfrårøving og vinningsbrotsverk.
Saman med ordninga for skikkavurdering, skal systemet med politiattestar fungere som ein garanti. Garantien gjeld profesjonsutøvararar sine kvalifikasjonar både overfor arbeidsgjevar og overfor dei brukarane profesjonsutøvaren møter.
LES: Slik skaffer du politiattest
Skjønnsmessig vurdering
Det som er spesielt med politiattestar i høgare utdanning, er at universitet og høgskular skal gjere ei skjønnsmessig vurdering av dei tilhøva studenten er sikta eller dømd for. Det er omfattande og komplekse spørsmål institusjonen skal ta stilling til: Er studentar som er dømt for seksuelle overgrep, grove voldsbrotsverk eller straffbare forhold knytt til rusmidlar/medikament rehabilitert til å ta utdanning som kvalifiserer for yrke som gir autorisasjon og fullmakt overfor barn, unge, funksjonshemma, demente og eitt vidt spekter av sjuke menneske og menneske i vanskelige livssituasjonar?
Tilliten til kvalitetssikring
Feilvurderingar i desse sakene kan få store konsekvensar for sårbare grupper og rokke ved tilliten til kvalitetssikring ved universitets- og høgskulesektoren generelt. Det er altså eit stort ansvar som no ligg på dekanar, instituttleiarar og institusjonane sine klagenemnder rundt omkring i heile landet vårt. I desse dagar sit dei nemleg med desse krevjande skjønnsvurderingane.
Viktige vurderingspunkt
Tidlegare var det ei nasjonal nemnd for vurdering av politiattestar. Eg var i mange år medlem i denne nemnda og har slik fått ein del erfaring med å gjere denne type skjønnsvurdering. Når eg no veit at mange sit midt oppe i vurderingar av desse politiattestane, ønskjer eg å minne på nokre viktige vurderingspunkt og vise til dokument for rettleiing. Det fyrste eg vil trekke fram som viktig for vurderinga er at ein kjenner godt til reglane som gjeld for politiattestar. Det er ulike reglement i høve kva yrke studenten utdannar seg til. Elles skal vurderingane bli gjort ut i frå innhaldet i klinisk undervisning/praksisopplæring og opplysingar om dei forholda som ligger til grunn for politiattesten.
Ut i frå dette må vurderinga ta omsyn til fylgjande:
- Kva straffbare tilhøve er merka på politiattesten?
- Når vart dei straffbare forholda utført?
- Har studenten erklært straffeskuld?
- Kor mange straffbare tilhøve?
- Fleire straffbare tilhøve innan eit tidsrom?
- Kriminell forhistorie?
- Noverande og tidlegare forhold til rus?
- Alder?
- Kor lenge blir forholdet ståande på politiattesten?
Har sjølv ansvar
Den einskilde student med merknad på politiattest har ganske mange plikter. Studenten sjølv har ansvar for å legge fram all dokumentasjon som skal ligge til grunn for institusjonen si skjønnsmessige vurdering. Dette gjeld eventuell sikting, tiltale, førelegg, dom, eigen forklaring inklusiv eventuelle attestar, referansar og helseopplysningar. Dette er dokument som må lesast før ein begynner på vurderingsarbeidet.
Må vurderast individuelt
Kvar politiattestsak må vurderast individuelt og heilskapleg. Ein må vurdere om det ligg føre tungtvegande argument for at det er uforsvarlig å la studenten delta i praksisopplæringa ved den aktuelle utdanninga. Ein må altså konkret vurdere dei straffbare tilhøva, alvorsgrad, alder på studenten når dette skjedde, kva vedkommande har gjort i etterkant av dei straffbare tilhøva og korleis deira eiga forklaring er. Kall gjerne studenten inn til eit møte med den faglege leiinga, slik at de får møtt studenten og høyrd den direkte forklaringa og refleksjonane studenten gjer kring dette no i etterkant.
Fagleg leiing og klagenemnd ved den einskilde institusjon har eit stort ansvar for å gjere vurderingar som sikrar at det er forsvarleg å eventuelt la ein student med merknad på politiattesten gjennomføre praksis. Det er avgjerande viktig at studentar i praksis er skikka for arbeidslivet. Mindreårige og andre sårbare grupper har like mykje rett på å bli beskytta i kontakt med studentar, som dei har overfor ferdigutdanna yrkesutøvarar. Ved vurdering av politiattestar må ein altså gjennomføre ei konkret vurdering av om studenten er skikka til å delta i klinisk undervisning eller praksisstudiar, eller om studenten si deltaking i klinisk undervisning eller praksisstudiar skal vurderast som uforsvarlig.
Dei som sit med politiattestvurderingar kan finne god rettleiing i desse dokumenta:
Klausen, Marianne et.al (2015) Politiattestnemnda si årsmelding og veileder
Felles klagenemnd (2015) Årsmelding
Høgskulen på Vestlandet (2017) Retningslinjer for behandling av politiattestsaker
0 Kommentarer