Søk og lær
Det er auka krav til helsepersonell om å arbeide
kunnskapsbasert. Med dette meinast å kombinere klinisk
erfaringskunnskap og ekspertise med den best tilgjengelege kunnskap
frå forskning (1:115).
Ulike forhold er med å påvirke sjukepleiarar sine
forutsetningar for å arbeide kunnskapsbasert i praksis. Våre
erfaringar og evalueringar frå fire kull med studentar ved
vidareutdanning i kreftsjukepleie med ein gjennomsnitsalder på
rundt 40 år, viser at mange studentar oppgir at dei ikkje har
erfaring med å søkje etter faglitteratur eller med fagskriving
etter avslutta grunnutdanning i sjukepleie (2).
Studentane sin
informasjonskompetanse blir sett på som ei grunnleggande
forutsetning for kunnskaps- eller evidensbasert praksis (3,4,5).
Informasjonskompetanse blir definert som evna til å erkjenne når
ein har behov for informasjon og å kunne lokalisere, evaluere og
bruke informasjon effektivt i eiga læring og forsking (6). Det er
ikkje tilstrekkeleg å tematisere betydninga av kunnskapsbasert
praksis og informasjonskompetanse gjennom undervisning som
formidling og meddeling åleine (7). Studentane treng å få
gjentatte høve til å trene på litteratursøkjing og det å bruke
denne kritisk. For at studentane skal oppleve at vitenskapeleg
kunnskap og anna faglitteratur er interessant og meiningsfylt, må
informasjonskompetanse integrerast i studentane sine
aktivitetar og læreprosessar.
Formålet med denne artikkelen er å gjere greie for korleis
undervisning, læringsformer og veiledning er lagt til rette gjennom
eit studieår for å auke studentane sin bruk av god faglitteratur og
forskning, og sjå betydninga av dette som grunnlag for ein
kunnskapsbasert praksis.
Litteratursøk
Bibliotekarar ved Høgskulen i Sør-Trøndelag
gjennomførte i 2005 eit forsøk med eit kull studentar på
vidareutdanning i kreftsjukepleie i samband med studentane sitt
arbeid med ein prosjektbeskrivelse (8). Formålet var å sjå på
betydningen av eiga undervisning i forhold til studentane sitt
litteratursøk. Fjorten studentar vart delt i to grupper. Gruppe 1
fekk starte på litteratursøk på eiga hand uten undervisning om søk
i Cinahl og Medline. Undervisning vart først gitt etter ei veke.
Gruppe 2 fekk undervisning før søk starta. Samanlikning mellom dei
to gruppene viste ei noko meir målretta søkjeadferd i gruppe 2, men
også her hadde studentane problem med å finne relevante søkjeord og
tolke søkjeresultata. Studien viste dessuten at studentane hadde
problem med å velge dei riktige søkjekildene, med å velge rett
søkjespråk og med å bruke engelsk. Vidare viste det seg at mange
ikkje oppdaga at stavefeil hadde konsekvensar for søkjeresultata.
Studentane viste generelt låg forståing for at lite eigna søkjord
medførte at dei enda opp med ubrukbare artikkelreferansar. Det vart
observert få eksempel på at studentane gjekk tilbake for å
analysere og bearbeide søkja når søkjeresultata ikkje var optimale.
Med den store mengd artiklar som dagleg blir produsert
innanfor helsefaga, er det å søkje litteratur komplisert.
Informasjonssøk representerer ein kompetanse i seg sjølv. Samarbeid
mellom bibliotekarar og fagpersonar er ei viktig forutsetning for å
lukkast.
Undervisning
Eitt av dei overordna måla for vidareutdanning i
kreftsjukepleie er at studentane er i stand til å finne og bruke
anerkjent og relevant litteratur på ein kritisk måte (9). Som
vurderingsgrunnlag er det forventa at studentane i tillegg til
relevante bøker og rapportar søkjer etter og bruker forsknings- og
utviklingsartiklar. I dei fylgjande punkta er det skissert kva tema
det er lagt til rette for i undervisninga gjennom studieåret samt
læringsaktivitetar for å nå overnemnde mål.
Studentane treng ei innføring i ulike kunnskapsformer,
forskningsmetodar og søkjeteknikkar for å finne og bruke
informasjon kritisk og effektivt i eiga
læring. Haustsemesteret starter med ei innføring i ulike
læringsformer i studiet, der studentaktive læringsformer som
problembasert læring (PBL) og skriftlege oppgåver som inngår i ei
læringsmappe blir vektlagt. Dette er arbeidsformer som vi meiner
har mange fellestrekk med det å arbeide kunnskapsbasert i praksis
(10).
I undervisning om litteraturstudie og litteratursøkjing
ivaretek fagpersonalet og bibliotekarar i fellesskap eit innhold
som stikkordmessig er satt opp i figur 1.
I arbeidsprosessen med søk på forsknings- og
utviklingsartiklar, viser figur 2 til eit hjelperedskap for
studentane til å holde oversikt over innhold i dei ulike artiklane.
Skjemaet er inspirert av eit klassifikasjonsskjema av Bachman
(12:75) for forskningsoversikter, med nokre endringar tilpassa vårt
formål. Mange studentar har opplevd dette nyttig i søkjeperioden,
men også brukt det som vedlegg til metodekapittelet for å vise til
utvalgte artiklar i sine fordjupningsoppgåver.
Studentaktive læringsformer
I tillegg til teoriundervisning i
litteratursøkjing som foregår på datasal med ein kombinasjon av
teori og demonstrasjon, får studentane sjølve løyse søkjeoppgåver
spesielt laga for kurset eller arbeide med problemstillingar knytta
til eiga oppgåveskriving. Eigenaktivitet er ein integrert del av
søkjekurset og bibliotekarar bidrar med veiledning og gjennomgang
av løysingar undervegs. I tillegg til desse faste punkta på
timeplanen gir bibliotekarar veiledning i litteratursøkjing og
oppgåveskriving i biblioteket etter behov hjå den einskilde
student.
Det er gjennom studieåret lagt til rette for at studentane kan
gjennomføre sju individuelle- og gruppebaserte oppgåver i tillegg
til ein heimeeksamen og ei fordjupningsoppgåve. Å integrere teori
og forskningsbasert kunnskap som eit refleksjonsgrunnlag saman med
eigen erfaringskunnskap er vektlagt i desse oppgåvene. Studentane
får gjennom studiet skriftleg eller muntleg tilbakemelding på eigen
evne til å finne relevant litteratur, kritisk bruke og integrere
denne til praktiske erfaringar i alle skriftlege oppgåver.
Fordjupningsoppgåva kan gjerast som eit litteraturstudie, men
gir og høve til å gjennomføre ei empirisk undersøkjing. Mange
studentar velger og å bruke fortellingar frå eigen praksis for å
diskutere ei problemstilling i lys av aktuell litteratur. Uavhengig
av kva studenten velger, er det avgjerande at det er gjort greie
for litteratursøk og kildekritikk i eit metodekapittel, der
argumentasjon frå nyare forskning og fagleg teoretisk grunnlag er
vesentlege element, samt at denne litteraturen blir brukt på ein
relevant måte i oppgåva.
På rett veg
Forsøket ved eigen institusjon signaliserte
altså at søkjeundevisning isolert sett hadde begrensa effekt (8).
Schneider m.fl. (13) har gjort same funn og viser samtidig at
studentane sin kompetanse i målretta informasjonssøk generelt
utviklast for seint i studiet.. Men vi ser at dei siste
studentkulla ved eiga utdanning har ein langt bedre og meir adekvat
kildebruk i sine fordjupningsoppgåver enn tidlegare studentkull.
Dette kan ha fleire årsaker, men det er nærliggande å tru at
systematisk undervisning i litteratursøk, slik dei siste kulla har
fått, har bidratt i positiv retning. Det overtyder oss om at vi er
på rett veg og at arbeidet med i felleskap å gjere studentane
informasjonskompetente bør styrkast og vidareutviklast. Dette er
eit område som vi ynskjer å gjere vidare evalueringsarbeid på.
I aktuelle utdanningsforløp har det vore eit godt samarbeid
mellom bibliotekarar og fagpersonale når det gjeld tilpasning av
undervisning som kan bidra til auka informasjonskompetanse i heile
studieløpet. Men det kan diskuterast om bibliotekarar kunne hatt ei
meir aktiv rolle i prosessen med skriving av fordjupningsoppgåvene.
Ut frå erfaringane i den lokale evalueringsstudien av effekten av
undervisning på studentane si søkjeadferd (8), kan det sjå ut som
det kan vere fruktbart at bibliotekarar blir tatt med i ei tidleg
vurdering av dei dokumenterte litteratursøkja. På den måten kunne
studenten vore meir sikker på å få eit best mogeleg
litteraturgrunnlag for si oppgåve. Eit anna spørsmål er om
fagpersonalet og treng heve sin kompetanse i systematiske
litteratursøk som kunne kome studenten til gode i veiledning, slik
Schneider m.fl.(13) hevdar er viktig for å bli gode rollemodellar
direkte i undervisninga. I fylgje Verhey (14) er det å utvikle,
implementere og evaluere informasjonskompetansen med tanke på
livslang læring eit undervurdert område allereie i grunnutdanning i
sjukepleie. Seymour m.fl. (15) stiller og spørsmål om det å
verdsetje både kritisk og kreativ tenkning i klinisk praksis kan
bidra til å minke motstanden mot forsking og fagutvikling.
Konklusjon
Vi har i denne artikkelen sett på korleis vi
gjennom eit utdanningsforløp i ei vidareutdanning i kreftsjukepleie
har lagt til rette for å utvikle studentane sin
informasjonskompetanse som eit ledd i «livslang læring» og ei
kompetanseutvikling som er sentral som ferdig spesialsjukepleiar i
praksis. Å lokalisere og finne fram til relevant litteratur og
forskning samt bruke litteraturen på ein kritisk måte forutset eit
samarbeid mellom bibliotek og fagpersonale. Eit godt søk forutset
gode og relevante spørsmål, dette krev fagkunnskap. Eit godt søk
krev kjennskap til ulike databaser og framgongsmåtar i søk som
bibliotekarar til eikvar tid har spesialkompetanse på.
Fagdidaktisk krev det eit samarbeid mellom bibliotekarar og
fagpersonale både vedrørande undervisningsplan og korleis legge til
rette for undervisning og studentaktive læringsformer. Det blir og
viktig å ta stilling til og konkretisere kva for nivå på
informasjonskompetanse studentar på ei vidareutdanning i sjukepleie
skal oppnå. Vidare blir det betydningsfullt å sjå på korleis
praksisfeltet tenkjer seg å vedlikeholde og vidareutvikle
informasjonskompetansen etter avslutta utdanning om vi skal ivareta
krav og forventningar til ein kunnskapsbasert praksis.
Litteratur
1. Nortvedt M, Graue M, Iversen M.
Forskningsbasert undervisning – et
grunnlag for kunnskapsbasert
praksis. Sammendrag i ”Program og
kompendium” Den
7.sykepleiekongressen 13.-16.september: Tydelig – modig –
stolt. Norges Kongressenter,
Lillestrøm 2005.
2. Hynne, A..Bjørnerheim. Evalueringsrapport av
vidareutdanning i
kreftsjukepleie 1999-2001.
Skriftserier ved Høgskolen i Sør-Trøndelag, AHS nr.3,
2002.
3. Shorten A, Wallace C, Crookes PA. Developing
information literacy: a key to
evidencebased nursing.
International Nursing Review 2001; 48 (2): 86
4. Kaplan Jacobs S, Rosenfeld P, Haber J. Information
literacy as foundation
for evidence-based practice in
graduate nursing education: a curriculum-
integrated approach. Journal of
professional nursing. 2003;19(5): 320-328.
5. Bernard A, Nash R, O`Brien M. Information Literacy:
Developing lifelong skills
through nursing education.
Journal of Nursing Education 2005; 44(11): 505-511.
6. American Library Association. Information Literacy
Competency
Standards for Higher Education
2006. http://www.ala.org/acrl/ilcomstan.html,
29/10/2006.
7. Breivik PS. Information literacy and the engaged
campus. Giving students
and
community members the skills to
take on (and not be taken in by) the Internet.
American Association of Higher
Education Bulletin 2000;
53 (1):3-6.
8. Alstad K, Kilvik A, Lamøy LI. Evaluering av
undervisning i litteratursøk for
Videreutdanning i kreftsykepleie
2005-2006. Trondheim: Intern rapport-
AHS/ASP- HIST, 2006.
9. Kirke-, Utdannings- og Forskningsdepartementet.
Rammeplan og
forskrift for videreutdanning i
anestesi-, operasjon-, intensiv-, barne- og
kreftsykepleie. Norgesnettrådet
2000.
10. Jamtvedt G, Hagen, KB, Bjørndal A. Kunnskapsbasert
fysioterapi.
Metoder og arbeidsmåter. Oslo:
Gyldendal Akademisk, 2003.
11. Forsberg C, Wengström Y. Att göra systematiska
litteraturstudier. Stockholm:
Natur och kultur, 2003.
12. Backman J. Rapporter och uppsatser. Lund:
Studentlitteratur, 1998.
13. Schneider MV. m.fl. Samarbejde – sammenhæng – succes? DF
Revy
2005; 6: 4-10.
14. Verhey MP. Information literacy in an undergraduate nursing
curriculum:
development, implementation and
evaluation. Journal of Nursing
Education.1999; 38(6):252-259.
15. Seymour, B., Kinn, S., Sutherland, N. Valuing both critical
and creative
thinking in clinical practice
:narrowing the research-practice gap? Journal of
Advanced Nursing.2003:
42(3):288-296.
0 Kommentarer