Kva skjer i landet vårt?
Eg vil ikkje døy, men orkar ikkje livet lenger. Dette er noko fleire og fleire eldre uttalar i eit av verdas rikaste land. I tillegg mistar vi eit medmenneske annan kvar dag i sjølvmord.
Medan pengane renn inn i statskassa, blir fleire og fleire i vårt «rike» land fattigare. Vi blir fattigare ikkje berre på pengar, men også på kompetanse, omsorg og fellesskap. Mange har ikkje råd til mat på bordet eller å sende barna sine til fritidsaktivitetar.
Mange eldre og sjuke sit aleine i eigne bustader som dei ikkje har råd til å varme opp, utan nokon å snakke med, og mange er ute av stand til å ta vare på seg sjølv. Korleis kan vi som samfunn akseptera at dette skjer? At dei som har lagt til rette for den rikdommen og levestandarden vi har i dette landet i dag, skal svinna hen i einsemd?
Viktig kompetanse forsvinn
Det blir sagt at ein får dei politikarane ein røystar på, og nokon vil kanskje også hevde at ein får dei politikarane ein fortener. Men fortener vi verkeleg politikarane vi sit med i dag? Fleirtalet av veljarane har i alle fall valt dei til å leie oss. Var det gode val?
Det som skjer, er nemleg politikarstyrt. Det er politikarane som prioriterer og bevilgar. Det er politikarane som utvidar eller innskrenkar vanlege folk sine rettar og mogelegheiter til å velja og bestemma over eige liv.
I dag blir dei private tilboda innanfor rehabilitering, rusomsorg, eldreomsorg og barnehagar strypte og avvikla. Slik forsvinn også viktig kompetanse som er bygd opp over tiår, og det utan at det offentlege kan forsere denne systematiske nedlegginga av tilbod som til dømes Mork rehabiliteringssenter.
Det som skjer i samfunnet vårt i skrivande stund, er ei ønskt utvikling av styrande politikarar. Det er ingenting anna enn ei stor skam.
Kan vi akseptera dette?
Den private fattigdommen rammar først og fremst dei som har lite frå før. Dei som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet, er einslege forsørgjarar, minstepensjonistar, eldre og sjuke.
I min eigen kommune, Giske, legg ein ned ei heil avdeling ved Giske omsorgssenter, Hustruhamna. Og enda meir skremmande: halverer plassane ved Løkevegen frå ti til fem plassar. Løkevegen er eit godt fungerande tilbod for tung psykiatri. Eg kjenner godt til dette tilbodet. At det skulle byggjast, var eit av dei første vedtaka eg var med på å fatte som fersk politikar i 2003.
Norsk helsevesen er i kneståande etter ein pandemi som har slitt ut fagfolk og skapt enda fleire psykisk sjuke som treng hjelp. Så har vi ei regjering og ein helseminister som svarar med at folk må forventa mindre hjelp framover. Kan vi akseptera dette? Kan du akseptera dette? Eg kan i alle fall ikkje det og har derfor valt å engasjera meg på ny i samfunnsdebatten.
Til sjuande og sist blir vi som samfunn målt på korleis vi behandlar våre eldre og sjuke, og der står vi etter mi meining til stryk.
2 Kommentarer
Anonym
,Godt skreve stykke om et tema som dessverre hverken er nytt eller overraskende. En kan til tider undre om politikere selv vet at de skal bli gamle og med stor sannsynlighet treng hjelp av det helsevesnet som de selv har vært med å bygge opp evt bryte ned.. Det skal jobbes raskere, brukes mindre tid pr pasient, bleier holder gjerne en time til, vi skal være glad og opplagt på jobb. De forskjellige tematikkene i omsorgsyrket henger ikke sammen når man ender opp med å IKKE HA TID TIL Å YTE OMSORG. Noe som sykefravær, streiker og meningsyttring understreker. Vi vil bare gjør jobben vår, gå hjem med en følelse av at vi har gjort dagen til minst EN av våre pasienter bedre. Isteden sitter jeg gråtende på bussen, fortvilt over eget yrkedsvalg, besteforeldre, foreldre og meg selv som en gang skal bli gammel eller mot all formodning syk.
Hogne Kile
,Ja der er mye vi kan gjøre. For eksempel få slutt på kumulering ved valg, starte nye valg-lister. Dette vil gi oss flere som kjenner vanlige folk sine prioriteringer. Per i dag er det vel nesten berre Mimir som snakkar vårt språk, dei sndre er blitt for vant til millionfordeler.