fbpx Det er utfordringar knytt til sjukepleiarane si vurdering av studentar i praksis Hopp til hovedinnhold

Det er utfordringar knytt til sjukepleiarane si vurdering av studentar i praksis

Bildet viser Cathrine Selsvold Natterøy

Mangel på kunnskap om skikkethetsvurdering kan føre til at tvilsmeldingar som burde vore sendt, aldri blir det. Det er difor ein reell fare for at studentar som skulle vore stoppa i utdanninga, ikkje blir det. 

Å stryke studentar i praksis er ei vanskeleg avgjerd å ta. Det å sende tvilsmelding om studenten er skikka til yrket er endå vanskelegare. Forsking eg og kollegaer har gjort, viser at sjukepleiarar kan identifisere tvilstilfelle knytt til skikkethet, men dei er usikre på kor ein skal ein setje grensa og når ein melder ei tvilssak. Dette kan medføre underrapportering av tvilstilfelle knytt til skikkethet. 

Sjukepleiarar i klinikken har ei avgjerande rolle for å vurdere om sjukepleiestudenten er skikka for yrket. Dette er ei oppgåve mange sjukepleiarar ikkje har dei naudsynte føresetnadane for å utføre. Dei manglar mellom anna kunnskap om gjeldande retningslinjer og kva som faktisk skal vurderast.

Manglande kjennskap til regelverk 

Hensikta med skikkethetsvurdering er å sikre at studentane har dei naudsynte føresetnadane for å kunne utøve yrket og ivareta pasienttryggleik. Skikkethetsvurdering kjem i tillegg til teoretiske eksamenar og andre formelle krav i utdanninga. På skulen glir studentane lettare inn i mengda, og det er vanskelegare å sjå den enkelte. Gjennom observasjonar av pasientsamhandlinga i praksis er det ofte enklare å danne eit klårare bilete av korleis studentane utøver sjukepleiefaget, samt forvaltar rolla som framtidige sjukepleiarar. 

Det ligg mykje ansvar hjå sjukepleiarane i praksisfeltet. Trass i dette ansvaret, med betydning for både pasienttryggleik og sjukepleiestudenten sitt utdanningsløp, viser forskinga vår at mange sjukepleiar i liten grad kjenner til regelverket for skikkethetsvurdering. For mange var det ukjent at det i det heile tatt fantes ei slik vurdering. Sjukepleiarane var også usikre på fordelinga av ansvar mellom skule og praksis i skikkethetsvurdering. 

Trass usikkerheit og manglande kjennskap til regelverk tek sjukepleiarane likevel ansvaret for vurderinga. Dette er moment som kan føre til underrapportering og feilrapportering av tvilstilfelle. Mangel på kunnskap om skikkethetsvurdering kan føre til at tvilsmeldingar som burde vore sendt, aldri blir det. Det er difor ein reell fare for at studentar som skulle vore stoppa i utdanninga, ikkje blir det. Den ytste konsekvensen av slik underrapportering er det pasienten som kan erfare til sist.

Stort ansvar knytt til skikkethetsvurdering 

Sjukepleiarane i studien vår opplevde eit stort ansvar knytt til skikkethetsvurdering, fordi det handla om sjukepleiestudenten si framtid. Å vera den som stiller spørsmål om sjukepleiestudenten var skikka til å bli sjukepleiar, medførte makt og ansvar sjukepleiarane vegra seg for. Dette viser til at det er ein terskel for å sende tvilsmelding om skikkethet. Kan det vera at denne terskelen er for høg?

Det er fleire utfordringar i dagens praksisoppfølging. Praksisfeltet opplev ei stor utskifting av personale, og mange arbeidsplassar har fleire nyutdanna sjukepleiarar enn erfarne tilsette. Forskinga vår viser at den uskrivne regelen om at «alle tar sin tur» i stor grad er gjeldande og at det fører til at nyutdanna ofte blir pålagde å rettleia studentar. Dette er ein potensiell svakheit i skikkethetsvurdering då erfaring er naudsynt for å utvikle og såleis kunne nytte skjønn i vurderingssituasjonar. Det finst heller ingen formelle krav for å rettleie studentar. Det burde det vore. 

I vår studie fann me at sjukepleiarane enkelt kunne identifisere utfordringar og tvilstilfelle i forhold til skikkethet hjå studentar, men erfarte at det var vanskeleg å handtere i praksis fordi det var krevjande på eit djupt personlege plan. Sjukepleiarar blir usikre på når dei skal setje ned foten og når dei skal la studenten halde fram i håp om betring. Mange søkjer difor råd frå kollegaer og diskuterer tvilstilfelle i kollegiet. Samarbeid og kollektive vurderingar forstår me som ein styrke som bør lyftast fram i vidare arbeid med kvalitetssikring av studentvurderingar i praksis.

Sjukepleiarane i praksis vert pålagt eit ansvar dei ofte er ikkje er førebudde på. Det er avgjerande å auke kunnskapsnivået som kan gi sjukepleiarane som utfører skikkethetsvurdering, den tryggleiken dei treng for å utføre arbeidet. Til sist handlar dette om å sikre den faglege og personlege kompetansen som pasienten kan venta å møte frå ein utdanna sjukepleiar. 

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse