Til beste for pasienten
At representantar frå eit enkelt trussamfunn er tilsett på landets sjukehus er eit kyrkjeleg privilegium, eit ingen andre trussamfunn har, skriv Eskild Husttvedt.
Sjukehusprest Magne Stendal ved Oslo universitetssjukehus stil seg skeptisk til å tilsetje ikkje-religiøse i prestetenesta i eit innlegg i sjukepleien 14. april. Eg slit litt med å følgje argumentasjonen hans. Det kan verke som om det viktigaste ikkje er kva teneste sjukehuset skal kunne tilby sine pasientar, men at sjukehuset har ein presteteneste og at den då skal bestå av prestar.
Semantikken verkar å vere viktigare enn pasientane sine faktiske behov.
Han spør retorisk om ein samtalepartner som «i utgangspunktet har definert seg på armlengdes avstand til religion, krympe premissane og rommet for samtalen?». Ved å stille dette retoriske spørsmålet påstår ein difor at ein samtale med meg som ateist og komande sjukepleiar vil per definisjon vere mindre verdt enn ein samtale med ein anna sjukepleiar men som har ei gudstru.
Eg har ingen tru på at det er sånn.
At representantar frå eit enkelt trussamfunn er tilsett på landets sjukehus er eit kyrkjeleg privilegium, eit ingen andre trussamfunn har. Men sjukehusa våre er for alle. Eg synst difor at det er overraskande kor mange negative reaksjonar det har vore på det gode initiativet frå prestetenesta på St. Olavs Hospital. Dei negative reaksjonane på at ein har ikkje-religiøse samtalepartnarar tilsett ved sjukehuset syner kanskje òg nettopp kvifor ein treng dette tilbodet.
Likevel er det ein blindveg å fokusere på prestetenesta, det er
ikkje namnet på tilbodet som er det vesentlege. Det vesentlege
er kva pasientane har behov for og kva sjukehuset kan tilby.
I ei tid kor fleire og fleire definerer seg som
ikkje-truande er det ikkje sikkert at ein
prest automatisk vil vere den naturlege samtalepartneren i
eksistensielle spørsmål, særleg for menneske som allereie har
avvist religiøse forklaringsmodellar. Prestar har ikkje einerett
til å handtere denne typen spørsmål - til dømes gjer
sjukepleiarar det dagleg i sitt kliniske arbeid og har det
definert som ein av sine ansvarsområde.
Eksistensielle behov utan ei religiøs tru er eit område det truleg er stort behov for forsking på. I mine eigne søk har eg funnet få artiklar som omhandlar ateistar sine behov, men ein av dei få eg har funnet understrekar respekt for ateistar si ikkje-tru som eit vesentleg område.
Det er ikkje sikkert at ein pasient vil kjenne si ikkje-tru særleg respektert når den einaste tilgjengelege samtalepartneren er ein person som har via heile sitt profesjonelle liv til ein enkelt religion.
Det at Stendal slit veldig med at ein ikkje-religiøs kan vere
ein del av «prestetenesta» syner kanskje at tenesta som den er
no er utdatert og utan høve til å følgje den tydelege
samfunnsutviklinga mot mindre gudstru. Då er det på tide å
tenkje nytt. Behova for ei samtaleteneste vil
ikkje gå bort, men kanskje det er på tide å sjå på andre måtar
å organisere den på, kor pasienten er i fokus og ikkje
profesjonen.
LES OGSÅ:
Prestetjeneste i et flerkulturelt samfunn
Referansar
1. Botvar P. K. Endringer i nordmenns religiøse liv. Religion i
dagens Norge. Red. av Botvar
P. K., Schmidt U. Universitetsforlaget, 2010, s. 11–24.
2. Smith-Stoner M. End-of-Life Preferences for Atheists.
Journal of Palliative Medicine. 2007.
10 (4): s. 923–928.
0 Kommentarer