Det er kynisme sett i system

Eg har fast jobb, men arbeidsgjevaren min vil ikkje ha meg i meir enn 80 prosent stilling. Bortsett frå om sommaren då, skriv Kjell-Wernik Nystøyl.

Det er slitsomt å alltid vere tilgjengeleg og på jakt etter ledige vakter, seier sjukepleiaren som har fast jobb, men ikkje full stilling.

Det same meiner Marte Odding, sjukepleiar og deltidstilsett ved Nordlandssykehuset i Bodø. Ho stod fram og sa det same i ein artikkel på Nrk.no. Kva som er frivillig deltid og kva som er ufrivillig deltid stridast dei lærde om, men for min eigen del snakkar eg om at eg aller helst skulle jobba frivillig heiltid. Helsevesenet sin bruk av ufrivillig deltid er usosialt og er kynisme sett i system. Kjempar vi kampen på rett måte, kjempar vi ein tapt kamp eller må vi berre leve med at vi skal vere glad vi har ein jobb i det heile teke?

Utnytte arbeidstakarane

Eg har fast jobb, men arbeidsgjevaren min vil ikkje ha meg i meir enn 80 prosent stilling. Bortsett frå om sommaren då. Uansett har eg vore fast tilsett i same avdeling i helseføretaket sidan 2010, og har rett nok fått auka stillinga frå 75 til 80 prosent. Likevel ønsker eg å vere tilsett i 100 prosent stilling, noko som ser ut til å vere nærast umogleg. Eg kunne bytta jobb, men for det første forsvinn ikkje problemet frå helsevesenet av den grunn.

For det andre har eg ein jobb eg trives veldig godt i. Kynismen i denne deltidsproblematikken ligg i at vi blir heldt i akkurat så store stillingar at vi ikkje kan ha annan jobb i tillegg, men klarer å overleve i stillingsstorleiken med å shoppe ekstravakter. Vi har altså for lita stilling til å leve av den åleine, men for stor stilling til å ha ein fast jobb nummer 2.

Eg vil hevde at dette er å kynisk utnytte oss arbeidstakarar. Eit anna perspektiv på kynismen ligg i at leiarane, til dømes min næraste leiar, vert sittande med problemet men ikkje løysinga. Ansvaret og løysinga ligg heilt andre plassar, men problemet vert dytta nedover og endar hos dei leiarane som har minst moglegheit til å løyse det. Kvifor kjem vi oss ikkje bort frå denne praksisen?

Må stå i lag

Den gjentakande argumentasjonen er at helgane i helsevesenet er så vanskelege. Er det berre helsevesenet som har drift 24/7, eller er det andre bransjar som klarer å drifte døgnet rundt og samstundes tilby sine tilsette respektable stillingar? Vidare må vi sjølve vere villige til å diskutere om vi må ta vår del av ansvaret for at det har vorte slik. Har til dømes tradisjonelt sett mor i større grad enn far hatt lettare for å tilby seg å redusere stillinga for å vere heime når barna var små?

For mange kan det vere at dette passar best, men for andre igjen kan det vere at vi ikkje har kome oss så veldig langt med tanke på likestilling i heimen. Far har aldri viktigare jobb enn mor, og mor er ikkje viktigare i heimen enn far. Uansett meiner eg vi må slutte å snakke manglande likestilling når det skal debatterast løns- og arbeidsvilkår for sjukepleiarar. Eg kjenner meg framandgjort når heiltids- og lønskamp skal handle om kjønn og ikkje om sjukepleiaren. Skal vi klare å vinne denne kampen må vi stå i lag, uavhengig av kjønn eller andre ting som skil oss.

Avhengig av deltid

Arbeidsgjevarane har nok opp gjennom åra utnytta at enkelte frivillig har redusert stillinga for å vere heime i perioden der barna er små. I praksis har det vore mor, den med lavast inntekt i hushaldet, som har teke denne støyten. Sjølv om dette er ein lovfesta rett kan det vere ei av forklaringane til at dette er så vanskeleg å kome seg vekk frå. Arbeidsgjevar tilbyr stillingar som gjer at turnusen går opp, noko og Tvisteløysingsnemnda i fleire avgjerder som gjeld fortrinnsrett har bite seg merke i.

Nemnda har sagt ifrå overfor ulike arbeidsgjevarar at dei ser med uro på at dei har valt å organisere seg på ein måte som gjer at dei er avhengig av deltid for å få turnusen til å gå opp. Desse merknadene har gjerne liten effekt, men det er likevel eit ganske tydeleg signal. Ein kan oppleve at det herskar ein kynisme i helseføretaka der ein ikkje ser dei tilsette som ein menneskeleg ressurs, men som ei økonomisk byrde.

Det handlar om å vere villig til å sjå menneska i «systemet som menneske, ikkje som tal på papiret» som Einar Vie Sundal skriv i en kronikk i Dagens Medisin. Spekter hevda i 2014 i eit innspel om deltidsbruk til Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget  at størsteparten av deltida i helsevesenet er frivillig. I same notatet skriv Spekter at helseføretaka har jobba intensivt med å redusere deltid.

Utfordingar med bemanningssentre

Godt mogeleg at føretaka har jobba intensivt, men resultata er for mange av oss ikkje synlege. Vidare viser Spekter til at helseføretaka har oppretta eigne bemanningssenter, og at fleire sjukehus har «ståande tilbod om økt stillingsandel dersom man kan knytte seg til et bemanningssenter internt i sjukehuset». Når eg som sjukepleiar søkjer på ledig stilling i bemanningssenteret, møter eg same argumentasjon som i avdelingane elles når eg søkjer om å auke mi faste stilling; stillinga kan ikkje delast, vanskeleg å få det til å gå opp med helgane, eller at små stillingsstorleikar gir dårlegare kvalitet.

Difor må ein vere villig til å seie opp jobben i si eiga avdelinga og jobbe berre i bemanningssenteret for deretter å kanskje bli leigd ut til si gamle avdeling igjen. Skal ein auke stillinga med å jobbe i andre avdelingar må ein vere villig til å ta på seg meir helgevakter igjen, noko som for dei fleste ikkje er særleg attraktivt. Kvaliteten må vel og bli den same om du jobbar 20 prosent fast i ei avdeling eller om du jobbar 20 prosent i same avdelinga men er leigt ut frå bemanningssenteret? 

Urettferdig og usosialt

Eit anna moment vi burde snakke om er den urettferdigheita som gjeld lik helgebelastning uavhengig av stillingsstorleik. Uavhengig av om du arbeider 60, 75 eller 100 prosent stilling er norma at du skal jobbe likt tal på helgar. Er det rettferdig? Nei, og i tillegg er det direkte usosialt. Kvifor løftar vi ikkje desse momenta høgare i diskusjonane om løns- og arbeidsvilkår? Det er lett å bli gripen av frustrasjon og maktesløyse når ein ser på den kynismen som ligg i å utnytte folk gjennom utstrekt bruk av deltidsstillingar. Likevel kan vi ikkje gje opp denne kampen.

Er NSF synlege nok i denne debatten? Fører vi debatten på ein måte som gjer at vi blir sett, høyrt og får forståing? Eg meiner vi må slutte å vere krenka og begynne å fokusere på at vi er viktige. Vi kan ikkje føre kampen under likestillingsflagget lenger. Vi skal dra dette lasset i lag; kvinner og menn, og vi skal kome i mål. Vi må vise at vi er viktige og at vi trengs, og vi må vise at ufrivillig deltid er kynisme.

Årets lønnsoppgjer er i hamn for Spekter og NSF, og det er vel avgrensa kva ein får til i eit mellomoppgjer. Men burde fokuset vårt i lønsoppgjera endrast? Eg seier gjerne nei takk til lønstillegg om det kan sikre langt fleire full stilling. Kanskje skulle vi kjempa for å la helgebelastning stå i forhold til stillingsstorleik? Uansett er ei forutsigbar og stabil inntekt og ein forutsigbar og stabil arbeidskvardag langt viktigare for meg enn kroner og øre i lønnsauke. Tenk å kunne jobbe når ein jobbar og ta fri når ein har fri, og ikkje stadig vere på jakt etter ekstravakter for å få endane til å møtast. 

Les også:

Kombinasjonsstillinger: I dag på gastro, i morgen på gyn

Sykepleiere: Ingunn Tveiterås (f.v.), Guro Folgerø, Lar Pilskog og Camilla McCormack på Haukeland univsersitetssjukehus.
FOR MANGE: Ingunn Tveiterås, Guro Folgerø, Lars Pilskog og Camilla McCormack jobber på samme avdeling. – Fint å få full stilling, men det blir for mange ukjente avdelinger, sier de om kombinasjonsstillingene.

Å være sykepleier på mange ukjente avdelinger uten opplæring går på pasientsikkerheten løs, mener Haukeland-sykepleierne.

Det murres blant sykepleiere som har kombinasjonsstillinger på Haukeland universitetssykehus.

– Det handler om bemanningssenteret og hvordan det fungerer og ikke fungerer, sier Guro Folgerø.

Hun er en av nesten 80 som har såkalt kombinasjonsstilling på Bergen-sykehuset. Det vil si at hun er mest på post og resten i bemanningssenteret, som sørger for vikarer til hele sykehuset.

En slik stilling gjør det mulig for sykepleiere å kunne jobbe heltid.

– Det er en god tanke. Men det fungerer ikke i praksis, sier Folgerø.

For sykepleierne i disse stillingene må stadig møte opp på ukjente poster. Uten opplæring.

LES hva lederen for bemanningssenteret svarer: – Som sykepleier har man et ansvar for å si fra når man mangler kompetanse eller kjenner seg usikker.

– Blir sendt rundt

I august i 2017 fikk Folgerø en 75 prosent stilling på en kirurgisk avdeling. I tillegg jobber hun 25 prosent i sykehusets bemanningssenter. Det er der problemet ligger:

– Det er nedverdigende å bli brukt som en altmuligperson som kan bli sendt rundt til ti

Les også: