fbpx Mange overlever eit hjerneslag. Utfordringa er livet som skal levast etterpå Hopp til hovedinnhold

Mange overlever eit hjerneslag. Utfordringa er livet som skal levast etterpå

Bildet viser en smilende eldre kvinne i treningstøy som holder en stor ball over hodet.

Er vi godt nok rusta til å gje det beste tilbodet til dei som treng rehabilitering og oppfølging etter hjerneslag? spør leiar og styremedlem i NSF SLAG.

Den 22. mai arrangerte Arbeidarpartiet i lag med LHL Hjerneslag og Sunnaas sykehus eit stortingsseminar om hjerneslagrehabilitering. Fagfolk og representantar frå pårørande- og brukarorganisasjonar var samla til eit dialogmøte om utfordringar innan slagrehabilitering og kva fokus ein bør ha i framtida.

NSF SLAG var representert ved Inger Helene Brandsar og underteikna, Marita Lysstad Bjerke og Åshild Vikan.

Variasjonar i rehabiliteringstilbodet

Dagens økonomiske utfordringar innan helsevesenet råkar også slagrehabiliteringa. I dei seinare åra har det vore ei nedbygging av sengeplassar innan spesialisthelsetenesta, utan at det har vore ei tilsvarande oppbygging i kommunane. Dette bekreftast gjennom analysenotat 8/2018 «Rehabilitering i spesialisthelsetjenesten» frå Helsedirektoratet.

Vidare konkluderte «Statusrapport Hjernehelse» frå Helsedirektoratet i februar 2017 med store geografiske variasjonar i omfang og kvalitet på rehabiliteringstilbodet i ulike kommunale tenester. Ingenting tyder på at situasjonen har betra seg gjennom dei siste to åra.

Bustadsadresse kan vere avgjerande for kva slags oppfølging den slagramma får.

Tilbodet til born og unge med hjerneslag har også utfordringar. Deira familiar bekreftar til dels store skilnadar i oppfølginga. Ein kronikk i Dagsavisen 23. mai syner at bustadsadresse kan vere avgjerande for kva slags oppfølging den slagramma får.

Dette er viktige problemstillingar som vi i NSF SLAG ønsker fokus på, og vi ønsker å vere med i debatten om korleis slagrehabiliteringa skal sjå ut i framtida.

Sjå til Danmark

Kva kan vi lære av den danske modellen? Frank Becker, klinikkoverlege ved Sunnaas sykehus, hadde eit innlegg om dette. I vinter var Helsedirektoratet og representantar frå slagorganisasjonar og Sunnaas sykehus i Danmark for å sjå korleis dei jobba innanfor slagrehabilitering.

Målet er at pasienten til kvar tid har rett behandling på rett nivå.

Danmark har dei siste åra hatt ein revisjon av slagrehabiliteringa og innført eit «forløpsprogram». Dette programmet kan samanliknast med vårt pakkeforløp fase 1 og 2. Men den store skilnaden er at Danmark sin modell er mykje meir detaljert, og målet er at pasienten til kvar tid har rett behandling på rett nivå.

På sjukehuset blir det av eit tverrfagleg team utarbeida ein detaljert behandlingsplan, som skal følge pasienten i heile rehabiliteringsforløpet. I tillegg har kvar kommune ein hjerneskadekoordinator, som skal sørge for at dei aktuelle pasientane får sin lovfesta rett til rehabilitering uavhengig av kvar dei bur, og hjelper den slagramma til å finne fram i rehabiliteringsprosessane.

Overgang frå sjukehus til heimkommune

Det skal seiast at dei danske kommunane i storleik er på størrelse med norske bykommunar. Med tanke på at det i norske kommunar har vore lite merksemd på rehabilitering, er det openbart at vi har noko å hente på å bygge fagleg sterke miljø i førstelinjetenesta.

Indre Østfold har tatt den utfordringa. Der har sju kommunar slått seg i lag og etablert eit tilbod til slagpasientar som treng behandling og støtte. Teamet består av ulike faggrupper som har som mål å gje pasienten tidleg vurdering, koordinering av tilbod og igangsetting av tiltak. Dei jobbar med å få ein god overgang frå sjukehus til heimkommune. 

Livet som skal levast

I tillegg trengst det politisk vilje til å satse på eit betre logopedtilbod til personar som er råka av afasi. Ei statusrapport frå Afasiforbundet i Noreg frå juni 2019 syner at så mange som 62 prosent av kommunane ikkje har logopedtilbod til vaksne, og 75 prosent manglar kompetanse til å gje opplæring i kommunikasjonsstrategiar for dei som jobbar med personar som har afasi.

62 prosent av kommunane har ikkje logopedtilbod til vaksne.

Noreg har høg overleving av personar som blir råka av hjerneslag. Utfordringa er livet som skal levast etter overleving for pasientar og deira pårørande. Her må vi i større grad sørge for at den slagramma får det riktige tilbodet på det riktige nivået – til riktig tid.

NSF SLAG meiner at mykje av det som ligg bak den danske modellen, kan overførast og tilpassast også her i landet, til det beste for dei slagramma og deira pårørande.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse