Barn og unge med fedme ønskjer ikkje merksemd på kroppen sin
Når vi formidlar at nokon har så høg vekt at det kan vere helsefarleg, formidlar vi også at dei bør endre seg. Difor må vi tenke over korleis vi påverkar dei, skriv helsesjukepleiar Mariann Enoksen.
I studien bak artikkelen Stigmatisering og skam – en kvalitativ studie om å leve med fedme finn Venke Ueland at internalisert stigma skapar skam og pregar den grunnleggjande måten ein ser på seg sjølv, som dermed får konsekvensar for livskvaliteten. Ueland undersøkjer korleis det er for personar over 18 år å leve med fedme.
Som helsesjukepleiar i skulehelsetenesta møter eg barn og unge som har utvikla fedme. Mange av dei fortel at dei skammar seg og opplev stigmatisering, slik som informantane til Ueland. Det er viktig at vi som helsepersonell tek innover oss korleis det kan vera å leve med fedme. Ueland belyser viktige aspekt ved det å leve med fedme, som er nyttige å kjenne til for helsepersonell uavhengig av kva aldersgruppe ein arbeider med.
I Bergen får alle barn og unge som har fedme, tilbod om utreiing og oppfølging hjå poliklinikk for overvekt saman med foreldra sine. Oppfølginga ved poliklinikken inneber at dei også skal følgjast hjå skulehelsetenesta ein gong i månaden.
Eg opplev at mange strevar med å bli vege, dei synest det er flaut og ønskjer ikkje merksemd på seg sjølv og kroppen sin. Samstundes kjenner eg på ansvaret eg har som helsesjukepleiar. Eg skal avdekke risiko for sjukdom, førebyggje sjukdom og fremme helse. Det å leve med fedme er helsefarleg og krev tiltak.
Prøver å styrke sjølvkjensla
Når ein formidlar at nokon har så høg vekt at det kan vera helsefarleg for dei, formidlar ein også at dei bør endre seg. Då kan mange få tankar om at dei ikkje er gode nok. Kanskje er det vanskeleg å kjenne seg som eit fullverdig og verdifullt menneske når nokon meiner at ein bør endre på kropp og livsstil?
Vi som arbeider som helsesjukepleiarar møter ofte heile familien, mange gongar ser ikkje foreldra at barna har utvikla fedme og har vanskar med å sjå kva dei kan gjere annleis. Foreldra ønskjer ikkje merksemd rundt vekt og er redde for kva det kan føre til hjå barna sine. I eit helseperspektiv er det naudsynt å snu fedmeutviklinga.
Samstundes forsøkjer vi som helsesjukepleiarar å styrke sjølvkjensla til barn og unge. Vi ønskjer at barn og unge skal tenke at dei er gode nok som dei er. Kanskje litt sjølvmotseiande, vil nokon tenke? Fedme er komplekst, endring tek tid, og ingen med fedme er like. Individuelle tilpassingar er naudsynt, og vi som helsepersonell bør tenke over kva vi gjer, og korleis vi påverkar dei vi møter med fedme.
Erfaring og forsking syner at mange med fedme forblir med fedme til tross for mange timar i behandling og kontakt med helsepersonell. Ueland påpeiker at helsepersonell kan påverke stigma og skam knytt til fedme i samfunnet, og anbefaler at helsepersonell utforskar eigne haldningar og tenkemåtar.
Kroppsnormer i samfunnet
I eit samfunnsperspektiv er personar med fedme problematisk, både medisinsk, finansielt og sosialt. På individnivå kan personar med fedme bli framstilt som mindre attraktive, udisiplinerte og grådige personar som burde skamme seg. Personar som lev med fedme, kan erfare at profesjonelle hjelparar deler samfunnet sine kroppsnormer, noko som kan forsterke skamma og stigmatiseringa.
Kroppsmerksemda kan legge press på dei som lever med fedme, og påføre dei ei byrde av skam, seier Ueland. Når dei med fedme kjenner seg som unormale i møte med helsepersonell, vil dei unngå kontakt med helsevesenet, hevdar ho. Mange som får oppfølging for fedme, møter ikkje til timane sine, verken hjå skulehelsetenesta eller hjå poliklinikk for overvekt.
Ønsker å vera normale kroppsleg
Det kan vera mange årsaker til at pasientar med fedme ikkje møter opp til avtalar. Det er sannsynleg å tenke at skamma over ikkje å meistre behandlingsopplegget får mange til å vegre seg for å møte opp.
Andre årsaker kan vera at dei skammar seg over seg sjølve og kroppane sine, og derfor ikkje ønskjer merksemda på vekt og vektreduksjon. I staden for å avslutte kontakten med pasientane når dei ikkje møter, bør helsepersonell kontakte dei og utforske kvifor dei ikkje møter.
I studien til Ueland kom det fram at informantane ofte kjente seg håplause, triste og oppgitte, og at dei såg seg sjølv som ei belastning for omgjevnadane, og isolerte seg. Informantane hadde ein lengsel etter å vera normale kroppsleg, samstundes som dei uttrykte håplause og makteslause.
Det største ønsket til dei fleste barn og unge med fedme er å vera normale kroppsleg. Kroppane kan gjere det vanskeleg å gå med dei kleda dei ønsker, klede som alle andre går med. Kroppane kan gjere det tungt å utføra dei same fysiske aktivitetane som venner.
Mange barn og unge isolerer seg, slik som informantane til Ueland. Dei blir mindre sosiale, unngår aktivitetar dei ikkje kjenner dei meistrar, og etter kvart kan dei miste vennskap fordi dei har trekt seg unna i mange samanhengar.
Samfunnet kan redusere stigmatiseringa
Ueland føreslår at framtidige fedmeførebyggjande intervensjonar og behandlingar i større grad bør myndiggjera personar med fedme, i staden for å forsterka stigma, skam eller skyld. Dersom samfunnet og behandlingsapparatet har meir merksemd på kva det gjer med personar å leve med fedme, og mindre merksemd på vektreduksjon, vil det kunne redusere stigmatiseringa, ifølgje Ueland.
Vi som helsesjukepleiarar er godt kjente med «empowerment» som ein strategi vi brukar i folkehelsearbeid. Studien til Ueland bekreftar at det kan vera nyttig å ha kunnskap om empowerment når ein møter menneske og familiar med fedme. Empowerment betyr at ein bevisstgjer dei ein skal hjelpe, slik at dei utifrå sin situasjon blir i stand til å sjå eigne utfordringar og sjølve kan finne løysingar som passar for dei.
Gjennom undring og refleksjon kan vi bevisstgjere dei vi skal hjelpe og gje dei ei større forståing av sin eigen situasjon. Vi som helsepersonell kan bidra til at familiar og enkeltpersonar oppdagar kva moglegheiter dei har, og skape rom for håp og endring gjennom reflekterande samtalar med dei.
Ueland belyser gjennom sin studie at vi som helsepersonell bør ha meir merksemd på empowerment i møte med menneske som har utvikla fedme. Det trur eg kan vera ein viktig lærdom for alle som arbeider med fedme.
0 Kommentarer