fbpx Spesialisering må bety noko Hopp til hovedinnhold

Spesialisering må bety noko

Bildet viser innleggsforfatter Iren Mari Luther

At sjukepleiarar er høgkompetent personell og at mange har spesialisert seg innan sitt felt, kan det ikkje vere tvil om.

Det er med stor interesse eg les kva Noregs «chief nursing officer» og avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Liv Heidi Brattås Remo, uttaler i Sykepleien om spesialistgodkjenning for sjukepleiarar.

Eg undra meg litt når me fyrst fekk invitasjon frå Helsedirektoratet til å delta på innspelsmøte om spesialiseringsordning for sjukepleiarar. Bestillinga som skulle svarast på, var diffus og såg ut til å konkludere med at svaret var «spesialistgodkjenning», men utan at ein heilt visste kva spørsmålet var.

Det er klart at det gir ein meirverdi

At sjukepleiarar er høgkompetent personell og at mange har spesialisert seg innan sitt felt, kan det ikkje vere tvil om. Mange har tatt vidareutdanning anten til spesialsjukepleiar eller fulle masterlaup. Det er klart at dette gir ein meirverdi. Men me har allereie ordningar på plass for å anerkjenne dette. Det er tradisjon for å ta i bruk titlar som «kreftsjukepleiar» etter dei «kortare» vidareutdanningslaupa, og dei lengre gir ein mastergrad.

Avdelingsdirektør Brattås Remo seier det klart og tydeleg i artikkelen i Sykepleien: Spesialisering må vere noko meir enn ein mastergrad. Viss ikkje blir det berre ein tittel utan innhald. Ein tittel som eigentleg ikkje betyr noko. For legar betyr det noko. Det seier noko anna enn berre ein grad. Det må det gjere for sjukepleiarar òg.

Sjukepleiarar er ikke dårlegare enn legar

Sjukepleiarar er sjølvsagt i stand til å fullføre spesialistlaup av den typen som Brattås Remo viser til, altså cirka fem år etter fullført mastergrad for å oppnå spesialisering. Det gir oss eit formelt laup innan klinisk praksis etter fullført mastergrad og viser at sjukepleiarar ikkje er dårlegare enn legar og treng eit slags «light» laup til spesialisering.

Debatten tyder på at faget er i stadig utvikling, at det må vere tilpassa dei utfordringane ein står overfor med mangel på helsepersonell og at det framleis er mogleg å spisse kompetansen til sjukepleiarar enno meir og samstundes vere i pasientnært arbeid. Me i Fagforbundet gler oss til det vidare arbeidet med ei spesialiseringsordning for sjukepleiarar.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse