Doktorgrad
Publisert
Habilitering av barn og det sosiale hierarkiet
« 'Like barn leikar best'. Ein praxeologisk studie om habilitering av hjelpetrengande barn og unge »
Psykiatrisk sykepleier Rolf Hornes avhandling indikerer at mulighetene for å få hjelp ved habilitering av barn og unge, svekkes når den sosiale avstanden er stor mellom fagprofesjonelle og foreldre. Ved hjelp av en feltanalyse undersøker Horne sosiale sider av habilitering, da spesielt relasjoner mellom foreldre og profesjonelle.
- Doktorand: Rolf Horne
- Disputas: 18. november 2016
- Utgått fra: Universitetet i Bergen
3 spørsmål til Horne
- Hva tilfører denne forskningen av ny innsikt? Forskinga gjev innsikt i dei meir skjulte sidene av habilitering av barn og unge som arbeidsområde. Avhandlinga avdekka eit strukturerande sosialt dominansforhold innan dette medisinske delfeltet. Den dominerande posisjonen i feltet, legen med all sin kapital, definerer kva som er viktige, interessante og prioriterte oppgåver. Andre yrkesgrupper og foreldre visast til underordna posisjonar avhengig av deira sosoiøkonomiske og sosiokulturelle vilkår. Den relative sosiale avstanden foreldre har til dei som yter hjelp i statens teneste, har dermed betyding for kva moglegheit dei har for å få hjelp til barna.
- Hvilke metoder har du brukt og hvorfor? Dette er ein praxeologisk teoretisk-empirisk studie. Ein feltanalytisk posisjon fordrar ein metodologi som forklarer sosiale handlingar, det agentar seier og gjer i feltet. Analysen inkluderer relasjonen feltet har til andre felt og mellom agentane som utgjer feltet. Dei sosiale praktikkane er representasjonar av styrkeforholdet mellom posisjonane i feltet og er gjenstand for analysen.
- Hvem vil kunne dra nytte av forskningen i klinisk praksis? Det er leiarar, klinikarar, politikarar som skal vidareføre og utforme dette og liknande arbeidsområde, samt andre forskarar som kan dra nytte av kunnskapen om habilitering denne avhandlinga bidreg med.
0 Kommentarer