fbpx Helsetrøbbel på første klasse Hopp til hovedinnhold

Helsetrøbbel på første klasse

Folk må få gode vilkår for regelmessig bruk av kroppen.

 

Noreg er i ferd med å bli ein tungvektar. Ikkje først og fremst politisk. Men på badevekta. Og på operasjonsbordet. Skal vi tru ei rekkje medieoppslag må sjukhusa byte ut eller forsterke operasjonsbord og senger i stor stil. Mange pasientar er så tunge at tidlegare konstruksjonar ikkje lenger held mål.

Vi lever godt her til lands. Vi vil gjerne nyte vår nyskapte rikdom og dra nytte av teknologisk framgang. Trass i meir fritid, har vi det stadig travlare. Det er ikkje nødvendig å bruke kroppen slik som før. Vi blir i praksis transporterte på første klasse inn i ein helseskadeleg livsstil som eit stadig hardare pressa helsevesen får ansvaret for å reparere.

Eit nytt klasseskilje er på veg. Som nasjon står vi i eit vegkryss: Skal vi innrette oss på nytingslivet og behandlingssamfunnet, og glede oss over at tida for manuelt arbeid er over for den store hop? Så kan vi kjøpe kroppspleie og kroppsjusteringar når det trengst, og sjå fram til det gode pensjonistlivet. Eller skal vi kjempe for ein annan livsstil? Satse på at fysisk aktivitet gir meir trivsel, meir velvære, betre helse og eit betre arbeidsliv? Og slik styrke grunnlaget for betre velferd.

Førebygging er eit mykje brukt slagord i den helsepolitiske retorikken. Men kva er innhaldet? Og kvar er satsinga?  Helsesøstertenesta er ikkje akkurat ei vekstnæring. Snarare tvert imot. Og skulehelsetenesta, særleg i vidaregåande, ligg bortimot brakk mange stader. Det rammar ungdom - fysisk og psykisk. I neste omgang går det utover arbeidslivet og utdanningssystemet. Og helsekøane veks.

I den norske tradisjonen er fysisk aktivitet ei individuell fritidssak. Sjølvsagt er det eit personleg ansvar å drive fysisk aktivitet og å passe på eiga helse. Men også på dette området trengst kollektiv innsats. Livsstilproblema har fått forsterke seg fordi skulen ikkje har fått lov til å ta sin del av oppgåva, helsevesenet er i konstant prioriteringsknipe, idretten har ikkje makta oppgåva si, og arbeidslivet har knapt brydd seg.

Alle desse aktørane må forsterke innsatsen for livsstil og fysisk aktivitet. Både forsking og praksis viser at fysisk aktive er friskare, har lågare sjukefråvær og lever lenger enn fysisk  inaktive. Ei rekkje rapportar viser at vi har folkehelseskilnader som er sosialt forankra.  Og dei er større enn vi likar å tru. Utdanning - kunnskap og haldningar - er avgjerande også på dette området.

For eit par år sidan kom eit dristig forslag frå eit offentleg utval: Meir gym i skulen, ein time kvar dag for alle. Resultatet blei ein minimal auke på barnesteget, men i sum eit mageplask. Det politiske trykket var ikkje stort nok. Å førebygge, å lære seg opp til gode vanar og ein sunn livsstil, har vi ikkje råd til.

Gjennom eit offensivt samarbeid mellom skulen sine fagfolk og skulehelsetenesta - helsesøster, sjukepleiar, fysioterapeut - kan det leggast eit solid livsstilsgrunnlag. Dette vil vere til nytte og glede både for individ og samfunn. Og for arbeidslivet og for helsesektoren. Men då må desse fagfolka finnast, og dei må ha tid og ressursar til å følgje opp elevar og ungdom. Det er himmelvidt unna dagens realitetar.

Dessutan må det bli enklare å drive helseretta fysisk aktivitet i lokalmiljøet. Treningsgrupper under fagleg rettleiing og med offentleg finansiering ville vere lønnsamt.. Folk må få gode vilkår for regelmessig bruk av kroppen. Det gjeld også eldre. Eg ser for meg ein hærskare av 60 og 70 åringar i skog og mark, i trimløyper, i skiløyper, i symjehallar og helsestudio. Mosjon aukar sjansen for at dei får bu lenger heime. Det er også ein god gevinst når kampen om sjukeheimsplassar spissar seg ytterlegare til.

Eg har vore på sjukehus nokre gonger. Sjukepleiarane går og går, i stort tempo, og ofte med bagasje. Dei har sikkert bra kondis. Men arbeidshelsa er ikkje alltid på topp. Meir allsidig mosjon vil vere eit pluss. Det må vere rom for meir variert fysisk aktivitet også i arbeidslivet.

Målet er ikkje fleire asketar, men fleire som har det moro med fysisk aktivitet. Å gå i staden for å bruke bilen er bra både for kroppen og miljøet.

Utdanningspolitikk, helsepolitikk og arbeidslivspolitikk må gå hand i hand mot eit meir fysisk aktivt samfunn. Men det er du og eg som må bruke kroppen.

 

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse