fbpx Feil om arbeidstid Hopp til hovedinnhold

Feil om arbeidstid

Arbeidstidsavtalene i offentlig sektor er under press. Det vert argumentert offensivt for at dei tilsette har for «gode» avtaler. Overflatisk og misvisande meiner Unio-leiar Anders Folkestad.

Den liberale tankesmien Civita har levert ein rapport om arbeidstid i offentleg sektor. På viktige punkt er rapporten «Arbeidsavtaler i offentlig sektor»   overflatisk og misvisande, og han byggjer på forelda tankegods om leiarskap.

Forfattaren, Mathilde Fasting, ser på tariffavtalar som hinder for effektiv bruk av skattepengar.  Ho slår fast at «den største svakheten ved arbeidstidsavtalene til de tre yrkesgruppene (skole, helse, politi), er at arbeidsgivere i offentlig sektor har begrenset handlingsrom til styring av de ressursene de skal lede». 

 

Mistillit og innskrenking

Rapporten er einsidig basert på selektive arbeidsgjevarstandpunkt, der styringsrett, meir enn leiing, er det overordna. Fasting neglisjerer at eit grunnelement i tariffavtalane er å balansere makt mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar.

Fastings universalmedisin er å omdefinere forståinga av normal arbeidstid og å svekkje fagorganisasjonane. Leiarar skal få meir makt til å detaljstyre dei tilsette. Dette er i strid med  moderne leiingsteori og -praksis. Leiarar som lukkast, er dei som legg til grunn at yrkesutøvarar presterer best når dei opplever tillit, autonomi og meistring. Ein kjend forfattar på området, Daniel Pink, underbyggjer dette, og meiner at tilsette sjølve bør styre delar av arbeidstida.

Pink sitt syn minner om tradisjonen bak arbeidstidsavtalane i skuleverket. Det er desse Fasting vil skrote, og erstatte med meir bunden tid og detaljstyring frå rektor. Lærarane ser på forslag i denne retninga som mistillit og innskrenking av det faglege handlingsrommet. Dette skjer i ei tid då det trengst storstilt satsing på rekruttering og fagleg opprusting av skulen!

 

Nærmar seg fusk

Ein av rapportens store manglar ligg nettopp i omtalen av arbeidstida skuleverket. Fasting heroiserer  at den danske kommuneorganisasjonen, med støtte frå regjeringa, tok i bruk lockout, voldgift og lovgjeving for å fjerne den eigendisponerte tida for danske lærarar. Ho skriv derimot ikkje noko om arbeidstidsordninga i den finske skulen. Denne har mykje til felles med den norske modell, og finnane har ingen planar om radikale endringar. Tvert imot: «Vårt utdanningsregime er basert på tillit og samarbeid», slår den finske utdanningsministeren fast.

Finsk skule, med vekt på faglege krav og stort handlingsrom, ligg som kjent i toppsjiktet i PISA-rangeringane. Men denne gongen passa ikkje PISA inn i Civita-logikken. Det nærmar seg fusk, i alle fall viss rapporten er alvorleg meint.

 

«Normalisere» ubekvem arbeidstid

Eit anna hovudpoeng i Civitas rapport er eit ønske om å «normalisere» ubekvem arbeidstid.  I omtalen av helesektoren og politiet legg Mathilde Fasting sterk vekt på at det er «normalt» med døgnkontinuerlege skift. Det normale er difor ikkje «fra mandag til fredag mellom klokken 0700 og klokken 1700», slik Arbeidsmiljølova definerer det.

Det er sjølvsagt rett at i politiet og helsesektoren må tilsette vere budde på å arbeide både kveld, natt og helg. Her vel Fasting heilt å sjå vekk frå eit sentralt poeng, også for lovgjevar. Ifølgje Arbeidsmiljølova skal arbeid på ubekvemme tider avgrensast og kompenserast. Det skal vere skilnad på å arbeide på dagtid og kveld, natt og helg. Både lovverket og tariffavtalane regulerer denne avveginga. Tariffavtalt arbeidstid er dessutan forhandla fram mellom arbeidsgjevarar og arbeidstakarar, og gir dermed forankring hos begge partar. Dette er effektivt, det byggjer tillit og forsterkar grunnlaget for kvalitet i arbeidet.

 

Fleksibiliteten er der

Med det som bakgrunn godkjenner organisasjonane hyppig unntak frå hovudreglane i Arbeidsmiljølova når det er nødvendig og fornuftig. Det går fram i Fafo-rapporten «Arbeidstid og fleksibilitet. Omfang og praksis ved inngåelse av lokale arbeidsavtaler». Fleksibiliteten er der, særleg når samspelet og tilliten mellom partane er godt. Fastings medisin vil undergrave denne.

Det vitnar også om dårleg handverk når fleire reknestykke i rapporten byggjer på klare mistydingar og feil. Unio er einig i at omfanget av deltid er for stort. Men problemet må heller ikkje overdrivast. Fasting blandar systematisk saman årsverk og heiltidsstillingar, og hevdar at det kostar over 100 000 kroner å administrere ei deltidsstilling. Her viser rapporten til tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) som dreiar seg om noko heilt anna, nemleg kostnader som kjem i tillegg til den oppgitte lønna, som arbeidsgjevaravgift og pensjon.

 

Drøftar gjerne arbeidstid

Unio drøftar gjerne arbeidstid og arbeidstidsavtalar. Det er fornuftig å jakte på forbetringar. Men utgangspunktet må vere sakleg, og basere seg på rett informasjon og talgrunnlag.  Endå viktigare: aksept for at arbeidstid skal vere forankra i lov og at arbeidstidsordningar skal forhandlast mellom partane. Civita-rapporten stakar rett og slett ut feil kurs.

 

Les: Arbeidstidsordninger som fraviker arbeidsmiljøloven. Utvikling, omfang og praksis.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse