fbpx Helsevesenets friske kapital Hopp til hovedinnhold

Helsevesenets friske kapital

På denne tida av året får arbeidslivet tilført mykje frisk kapital. Mange unge mennesker, og nokre litt eldre også, går ut av utdanningsinstitusjonar med fagbrev, bachelor eller masterutdanning.

Unge og idealistiske tek dei fatt på arbeidslivet i den retning dei via si utdanning har peika seg ut. Dei har valgt den same retning og utdanning som eg sjølv gjorde som ung.

Totalt går om lag 175 nyutdanna sjukepleiarar ut med ein bachelor i sjukepleie her i Møre og Romsdal i desse dagar. Dette er heilt ny og frisk kapital (hender og hoder) for helsevesenet vårt. Med sin nyerverva kunnskap og kompetanse står dei klare til å gjere ein forskjell for pasienten kvar dag. I all hovedsak enten i kommune – eller spesialisthelsetjenesta. Etter kvart vil nok fleire av dei arbeide også innanfor andre sektorar som utdanning, bedriftshelseteneste, administrasjon eller anna der sjukepleiarar naturleg kan arbeide.

Vi veit at det er eit stort behov for arbeidskraft med høg kompetanse i åra framover, og det er derfor svært viktig at desse nyutdanna sjukepleiarane får jobbar som dei kan leve av. Dessverre er ikkje sjukepleie gruppa bortskjemt med at det står faste heile stillingar og ventar på dei når dei er nyutdanna. Skal dei bli verande yrket må dei tilbydast 100- prosentstillingar. Ingen kan leve av ei lita prosentstilling, sjølv om ein får så mykje vakter ein berre vil i tillegg. Det er kva du har som fast inntekt som avgjer om du får boliglån i banken eller ikkje.

Derfor er mi oppfordring til arbeidsgjevarane: Gi dei nyutdanna heile stillingar. Gi dei gode turnusar der dei både veit når og kvar dei skal møte opp på arbeid. Gi dei arbeidsvilkår som er slik at dei kjenner på at dei har gjort ein god jobb når dei går heim etter arbeidsdagens slutt. Kjenner dei på den følelsen, så vil dei trivast og bli i det yrke dei har valgt. Og det er det viktig at dei gjer. Dei skal både bli i yrket, og dei skal forhåpentligvis bli i det til dei går av med pensjon.

Med dagens behov for høgkompetent arbeidskraft i offentleg sektor, må arbeidslivet leggast til rette slik at både sjukepleiarane og dei andre yrkesgruppene som arbeider i sjukepleietenesta blir der, og ikkje gå over i andre yrker. Slik det har vore i mange år, med deltidsstillingar og jag etter nok vakter til å leve av, medfører det for mange så stor slitasje, at ein enten sluttar og går over i anna yrke, eller blir sjukmeldt og ufør lenge før dei når pensjonsalderen.

I tillegg til dei som kjem nyutdanna med bachelor i sjukepleie, er dei ei gruppe til som kjem idealistiske ut frå høgskolane i desse dagar. Det er dei som tek ulike former for videreutdanning, og har skaffa seg enno høgare kompetanse som arbeidsgjevar treng for å ivareta kompliserte problemstillingar. Det kan vere tradisjonelle vidareutdanningar som til dømes psykiatri, geriatri, intensiv, anestesi m.fl., samt at nokre kjem med ein master i bagasjen. Dei har ikkje fått mastersjuka som adm. direktør i Spekter, Anne Kari Bratten, kallar det. Dei har derimot skaffa seg ein kompetanse der dei kan utøve sitt yrke endå bedre. Ta også imot desse og den kompetansen dei har erverva seg med ydmykhet og respekt. Gi dei oppgåver og løn etter kompetanse. I ein nyleg offentleggjort rapport kom det fram at berre halvparten av sjukepleiarane med vidareutdanningar fekk nye/andre oppgåver og høgare løn når dei kom tilbake til arbeidet sitt etter endt utdanning. Dette til tross for at 1 av 6 fortel at utdanninga var initiert av arbeidsgjevarane.

Det er også grunn til å minne på at KS, Fagforbundet, Delta og Norsk Sykepleierforbund for vel eit år sidan skreiv under ei felleserklæringa om at partane skal jobbe for ein heiltidskultur.

Likedan har Helseforetaka fått eit krav på seg frå Helseministeren (for nokre år sidan) at andelen deltid skulle ned med 20 prosent. Dette har helseforetaka ikkje lykkast med.

Eg ønskjer dei som kjem nyutdanna ut i arbeidslivet lykke til! Eg håpar de får bruke den kunnskap og kompetanse de har skaffa dykk gjennom utdanninga til det beste for pasienten/brukaren. Og eg veit at akkurat din kompetanse vil utgjera ein forskjell på din arbeidsplass. Lykke til!

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse