fbpx Har nasjonal eksamen auka kompetansen til nyutdanna sjukepleiarar? Hopp til hovedinnhold

Har nasjonal eksamen auka kompetansen til nyutdanna sjukepleiarar?

Bildet viser et portrett av Jeanne Boge

Nasjonal eksamen i sjukepleie og medisin spør i stor grad etter kompetansar som kan målast og talfestast på kostnad av andre viktige kompetansar. Faren er at utdanningane sitt breie samfunnsmandat ikkje vert verdsett.

2. juni skreiv eg eit innlegg i Khrono der eg spurte om kva som var bakgrunnen for at norske styresmakter gjennomfører ein nasjonal eksamen i naturvitskaplege basisfag i det fyrste semesteret i bachelor i sjukepleie. Sykepleien har delt innlegget.

2. september svarer Helen Bråten, som er prosjektleiar for Nasjonale eksamenar i Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), at nasjonal eksamen er eit verkemiddel som Kunnskapsdepartementet har initiert for å ha samanliknbar informasjon om sjukepleiarstudentar sitt kunnskapsnivå på tvers av studiestader, og at ein slik eksamen tidleg i studiet kan predikere kven som vil gjere bra/mindre bra i resten av sjukepleiestudiet.

At ein har nasjonal eksamen i basalfaga anatomi, fysiologi og biokjemi (AFB), ser ut for å ha samband med at NOKUT reknar AFB-kunnskap for å vere svært avgjerande for sjukepleiarar sitt daglege virke.

Ikkje lyfta fram AFB

Bråtens argumentasjon er spesielt interessant fordi ho arbeider i NOKUT, som er eit statleg forvaltingsorgan under Kunnskapsdepartementet. I 2019 gav dette departementet ut ei ny forskrift for sjukepleiarutdanning. I denne forskrifta vert det ikkje argumentert for at anatomi, fysiologi og biokjemi (AFB) er sentrale kompetanseområde i sjukepleieutdanningar. I forskrifta vert det argumentert for seks andre overordna kompetanseområde:

  • helse, sjukdom og sjukepleie (kapittel 2)
  • sjukepleieprofesjonen, etikk, kommunikasjon og samhandling (kapittel 3)
  • vitskapsteori og forskingsmetode (kapittel 4)
  • fagleg leiing, kvalitet og pasientsikkerheit (kapittel 5)
  • tenesteutvikling og innovasjon (kapittel 6)
  • teknologi og digital kompetanse (kapittel 7)

Under kvart av dei seks kompetanseområde er det fleire underpunkt der kunnskap om menneskekroppens anatomi og fysiologi er berre eit av dei om lag 75 underpunkta (kapittel 2, §4c). I dei statlege føringane vert det argumentert for at gjennomgåande tema i sjukepleieutdanningar skal vere etikk, pasientsikkerheit, kommunikasjon, samhandling og leiing (kapittel 8, § 22). Kunnskapsdepartementet har med andre ord ikkje lyfta fram AFB som sentrale kompetanseområde.

Dei seks sentrale kompetanseområda

Det er underleg at NOKUT, som er eit forvaltingsorgan under Kunnskapsdepartementet, ikkje relaterer ein nasjonal eksamen i sjukepleie til det som i fylgje departementet er dei seks sentrale kompetanseområda i norske sjukepleieutdanningar, eller til departementet sine føringar om gjennomgåande tema.

Om Kunnskapsdepartementet ynskjer data om den kompetansen som sjukepleiarstudentane faktisk har oppnådd i studiet, hadde det vel vore betre å ha ein nasjonale eksamen på slutten av studiet, slik ein har i norske medisinarutdanningar. Nasjonal eksamen i medisin omfattar eit lite utsnitt av den naturvitskaplege kompetansen som Kunnskapsdepartementet forventar at nyutdanna legar skal ha.

Nasjonal eksamen i medisin ser ikkje ut for å ha spørsmål som er relatert til kompetanse i kommunikasjon, samarbeid, leiing, systemforståing, folkehelse, samfunnsmedisin, forsking, vitskap, innovasjon og profesjonalitet, trass i at slik kompetanse er sentrale i Kunnskapsdepartementet sine forventingar til ein nyutdanna lege.

Ikkje synlege forbetringar

Det kan sjå ut for at nasjonal eksamen i sjukepleie og medisin i stor grad spør etter kompetansar som kan målast og talfestast på kostnad av andre viktige kompetansar, med fare for at utdanningane sitt breie samfunnsmandat ikkje vert verdsett. Det same har ein erfart ved nasjonale testar i norsk grunnskule, der ein har hatt nasjonale testar i bortimot 20 år.

Det overordna målet med nasjonale eksamenar og testar er vel å overvake kvaliteten i norske utdanningsinstitusjonar for såleis å ha eit grunnlag for å forbetre kvaliteten, ikkje å lage rangeringar mellom utdanningsinstitusjonar.

Men det er ingen ting som tyder på at nasjonale prøvar har gjort norske grunnskular betre. Ikkje ein gong i lesing og skriving er det synlege forbetringar, sjølv om desse ferdigheitene har vore høgt prioritert i to tiår. Det er lite som tyder på at elevane kan meir no enn før dei nasjonale prøvane blei innførte.

Kan ikkje målast

Det er heller ikkje noko som tyder på at sjukepleiarstudentane kan meir om anatomi, fysiologi og biokjemi i 2023 enn dei gjorde før nasjonal eksamen i desse faga blei innført i 2015 trass i satsingar og tilpassingar til denne eksamen. Strykprosenten har i fleire år vore kring 20 prosent.

Me veit vel heller ikkje om nyutdanna sjukepleiarar som har bestått nasjonal eksamen i naturvitskaplege basalfag, er betre rusta til å takle den mangfaldige kvardagen som dei møter i helsevesenet, enn dei som var utdanna før ein innførte ein slik nasjonal eksamen.

I tillegg til naturvitskapleg kunnskap trengst det høg grad av humanistisk- og samfunnsvitskapleg kompetanse når ein skal agere som nyutdanna i det norske helsevesenet. Slik kompetanse kan ikkje målast ved hjelp av nasjonale multiple choice-eksamenar i naturvitskaplege basisfag i det fyrste semesteret i bachelor i sjukepleie.

Debattinnlegget ble først publisert i Khrono.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse