fbpx Vi risikerer å få eit A- og B-lag i Helse-Noreg Hopp til hovedinnhold

Vi risikerer å få eit A- og B-lag i Helse-Noreg

Bildet viser Ida Giske i sommerlige omgivelser

Å vere pasient i Noreg krev høg helsekompetanse, men det krev også juridisk kompetanse, spesielt om ein har opplevd feilbehandling og søker erstatning.

I fjor fjerna regjeringa med sittande helseminister Ingvild Kjærkhol i spissen fritt behandlingsval for pasientar i spesialisthelsetenesta. Det betyr i praksis ei innskrenking av pasientane sin rett til å bestemme over eigen kropp og helse. Det betyr også at viktig kompetanse som er bygd opp over år, står i fare for å forsvinne. 

Det skapar eit sosialt skilje

Fjerning av fritt behandlingsval betyr at private aktørar ikkje lenger kan godkjennast av Helfo (tidlegare Helseøkonomiforvaltninga) for å yte spesialisthelsetenester mot betaling frå staten. 

I eit lite land som Noreg er vi avhengig av både offentlege og private helseleverandørar for å gi pasientane god nok helsehjelp. I tillegg til å innskrenke valfridom for pasientane skapar det også eit sosialt skilje i helsevesenet. Eit skilje mellom dei som har råd til å betale seg ut av dei offentlege helsekøane, og dei som må stå med lua i handa og ta til takke med det dei får. 

Ei anna problemstilling er at menneske i desperate situasjonar kan ende opp med å måtte ta opp forbrukslån til skyhøge renter for å få tilgong til helsetenester utanfor det offentlege. Slik risikerer vi å få eit A- og B-lag i Helse-Noreg. 

Trenden er at fleire og fleire låner pengar til helsehjelp her til lands og risikerer å bli gjeldsslavar på grunn av helsa si. Denne trenden er i ferd med å etablere seg og slår alvorlege sprekker i «den norske modellen» og dei idealistiske tankane om at Noreg er verdas beste land å bu i. 

Faller mellom to stolar

Dei som søker alternativ hjelp utanfor det offentlege helsevesenet, er ofte dei med sjeldne diagnoser der kompetanse og behandlingstilbod er dårlege. Til dømes ser vi at pasientar med komplekst regionalt smertesyndrom (CRPS) ofte drar utanlands i desperat søken etter hjelp, og at mange av dei kjem tilbake til Noreg med stor gjeldsbyrde. Vi har også sett siste åra ein veksande trend med oppretting av spleis for å hjelpe menneske til naudsynt helsehjelp. 

I tillegg til å betale store summar for helsehjelp kan dei som blir skada i helsevesenet gjennom feilbehandling, risikere å måtte gå til sak mot staten sjølv i openbare erstatningssaker. Norsk pasientskadeerstatning (NPE), som har som målsetning å hjelpe pasientar, har i mange tilfeller heller blitt ein instans som spenner bein på menneske i ein ekstremt sårbar situasjon. 

Å vere pasient i Noreg krev høg helsekompetanse, men det krev også juridisk kompetanse, spesielt om ein har opplevd feilbehandling og søker erstatning gjennom NPE. Fleire og fleire opplev å «falle mellom to stolar» og opplev juridisk utanforskap som nestleiar i CRPS-fellesskap, Hege Kornberg Christensen, skriv i sin kronikk i Psykologitidsskriftet 1. mars 2022. Dette vitnar om ei skremmande utvikling i eit tillitsbasert land som Noreg.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse