fbpx Tverrfagleg samarbeid inn i grunnutdanninga Hopp til hovedinnhold

Tverrfagleg samarbeid inn i grunn­utdanninga

ÅSTEDET: Her på denne hytta i Valdres ble den 13 år gamle jenta funnet avmagret og død. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix

Dei fleste har fått med seg den tragiske hendinga der ei 13 år gamal jente døyde av avmagring i jula. Korleis betre sikre at slike hendingar ikkje skjer igjen?

Dette er et leserinnlegg. Innholdet gir uttrykk for forfatterens egne synspunkter og holdninger. Innlegg sendes til meninger@sykepleien.no. Les også veiledningen.

Mykje informasjon har komen fram i media, blant anna at samarbeidet mellom dei ulike instansane er for dårleg. Det verker som om samarbeidet har vore prega av fleirfagligheit i staden for tverrfaglegheit. Dei fleste tar sjølvkritikk, og vil endre på sin instans for at det ikkje skal skje igjen, og alle snakkar om eit ein må få til eit betre samarbeid.
Eg, som leiar av Unio-Studentene, er veldig einig i at det må til eit betre samarbeid for å fange opp, og sikre at slike triste hendingar ikkje skjer igjen. Det er viktig å få til eit betre samarbeid mellom alle instansane, og å få ei betre forståing rundt lovverket ved blant anna tausheitsplikt og varslingplikt i helsepersonellova og pasientrettigheitslova. Mitt forslag og mi oppfordring er at vi må få dette samarbeidet til så tidlig så mogleg, altså få det inn i grunnutdanningane. La framtidas sjukepleiarar lære å samarbeide med politi-, lærar-, barnevernspedagog-, sosionom-, prest-, medisinstudentane og andre relevante yrker med ein gong. Lær dei ifrå første stund kva ein skal gjere i slike vanskelege sakar, og korleis ein skal stille seg til lovverket.
Eg veit at det allereie er oppretta mange gode tverrfagleg samarbeid på dei ulike utdannings institusjonane, men mi oppfatning er at det er lite fokus på dei vanskelege sakene. Gjennom ei tidleg fokusering på tverrfagleg samarbeid i utdanninga, kan ein tileigne seg kunnskap om kva dei ulike profesjonane har kompetanse og ekspertise innan. På den måten kan vi på ein mykje betre måte unngå ansvarsfragmentering og ansvarsfråskriving, Det handlar om kunnskap om eiga og kvarandre sin profesjon, forståing for kvarandre sitt fagspråk og tillit mellom kvarandre.
Tverrfagleg samarbeid i grunnutdanningane vil forhåpentlegvis vere med på å gjere det tverrfagleg samarbeidet når ein er ferdig utdanna enklare og betre. Alle instansane vil, trur eg, komme styrka ut i frå eit betre tverrfagleg samarbeid på grunnutdanningane.

Det handlar om kunnskap om eiga og kvarandre sin profesjon, forståing for kvarandre sitt fagspråk og tillit mellom kvarandre.

OSLO 1972: Streik blir den ventede sykepleier-reaksjon på statsminister Trygve Brattclis tilbud til Sykepleieraksjonen 1972. Han vil ikke imøtekomme sykepleiernes krav om tre lønnsklassers opprykk, men vil bl. a. foreslå skattepolitiske tiltak. Her aksjonskomiteen f.v. Anne-Lise Bergenheim, Bjørg Wendelborg, Aud Vinje, Christine Thorstensen, Eva Heyerdahl og Anne-Marie Grøygaard, som holder uravsteming pr. telefon til landets sykehus. det er ventet at de ikke vil godta dette. Foto: Vidar Knai / NTB / Scanpi

Sykepleiens historiske arkiv

Sykepleien har dekket sykepleiernes hverdag helt siden 1912.

Finn ditt gullkorn blant 90 000 sider.