fbpx Sobrilen hjelpte – ei stund Hopp til hovedinnhold

Sobrilen hjelpte – ei stund

Bildet viser Anja Dahle Øverbye

Etter kreftdiagnosen var eg i sjokk. Berre Sobril kunne hjelpe meg, skriv Anja Dahle Øverbye.

I august 2014 fekk eg påvist vondarta føflekkreft. Tretti prosent av øyret mitt, samt ein lymfeknute, blei operert vekk. På grunn av ein glepp blei det ikkje fortalt meg at eg hadde kreft før eg skulle skrivast inn på sjukehuset. Eg fekk derfor eit enormt sjokk då eg heilt åleine kom til sjukehuset og fekk denne vonde beskjeden formidla på ein brå og lite medfølande måte.

Den angsten som kom over meg då, er det verste eg har kjend i heile mitt liv; det er ikkje mogleg å sette seg inn i korleis dødsangst kjennest utan å ha vore der. I tillegg var eg åleine på sjukehuset i fleire timar før mannen min kom, og ingen kunne gi meg svar på kva som skulle skje eller informere meg meir om kva som feila meg.

Den angsten som kom over meg då, er det verste eg har kjend i heile mitt liv.

I dagane og vekene etter operasjonen måtte eg ta fleire testar og vente på svar på om det var spreiing eller ikkje. Eg hadde så mykje angst at eg ikkje greidde å fungere skikkeleg, men samtidig skulle eg jo vere mamma til sonen min som då var to og eit halvt år.

Eg tok Sobril jamleg gjennom heile dagen for å dempe dei verste fysiske symptoma og bedøve dei vonde tankane litt, av di eg ikkje hadde noko anna som hjelpte. Sobril kan ikkje fjerne sterk angst, men det gjorde i det minste slik at eg fekk blodomlaupet tilbake i fingrane, munntørrleiken forsvann og uroa i mellomgolvet la seg ei lita stund.

Heile tida gjekk eg gjennom kva som kom til å skje dersom det var spreiing, korleis det ville vere å døy, korleis det skulle gå med sonen min. I denne tida åt eg så mykje Sobril som eg følte var forsvarleg. Eg var i ein krisesituasjon, og eg ser ikkje korleis eg kunne ha gjort det annleis.

Heile tida gjekk eg gjennom kva som kom til å skje dersom det var spreiing, korleis det ville vere å døy, korleis det skulle gå med sonen min.

Etter kvart som den prekære krisa var over, og det blei konstatert at lymfene var utan spreiing, slutta eg å ta Sobril dagleg, men eg tok det framleis hyppig på dagar med sterk angst. Redselen og skrekken for spreiing satt framleis i. Spesielt før dei hyppige sjukehuskontrollane måtte eg ta Sobril ganske tett.

Etter som tida gjekk, brukte eg Sobril sjeldnare og sjeldnare, men eg hadde det alltid parat i tilfelle eg blei veldig redd. Dette kunne eg fort bli om eg kjende ein rar kul på kroppen, om eg såg ein litt uvanleg føflekk, eller om eg leste om terminal kreft.

I nokre tilfelle, der legen min var einig i at noko burde undersøkast nærare, kunne eg bli så redd at kroppen min gjekk i full beredskap, og eg kunne hyperventilere slik at eg nesten svima av. Eg har vore i terapi for å prøve å handtere angsten, men eg har ikkje blitt betre til tross for gode intensjonar frå både psykolog og fastlege. 

Etter kvart blei eg meir medveten på kva Sobril gjer med kroppen, og at det ved hyppig bruk over lengre tid nettopp kan gi symptom på angst. Eg prøvde så godt eg kunne å unngå å ta Sobril etter at eg leste meg opp på dette, og eg gjorde alt det som ein elles gjer for å få ei bra mentalhelse.

Etter kvart blei eg meir medveten på kva Sobril gjer med kroppen.

Eg trente, åt sunt, sov nok og gjorde aktivitetar som gir meg glede, men eg kjende meg framleis både full av angst og no deprimert i tillegg. Tankane om kreft dukka opp ofte, og ingen aktivitet kunne dempe eller avleie desse tankane som spant heile døgnet.

Etter eit valdsamt angstanfall i fjor foreslo fastlegen min at eg skulle byrje på antidepressiva. Antidepressiva tek ikkje alltid angst like lett, av di det fungerer best på depresjon, men sidan eg var oppe i ein høg nok dose av Cipralex, merka eg at angsten byrja å sleppe taket.

I tillegg forsvann depresjonen, og eg byrja å kjenne meg som meg sjølv att, meir enn eg hadde gjort på fleire år. Brått kunne eg lese om kreft utan å kaldsveitte, eg fekk mi eiga oppleving meir på avstand, og eg kunne no gå på kontroll og ultralyd utan å få angstanfall. Etter at Cipralexen har virka som den skal, har eg ikkje brukt Sobril i det heile tatt, og eg har no levert pilleboksen tilbake til fastlegen.

Eg byrja å kjenne meg som meg sjølv att.

Eg har fått ei veldig sterk meistringskjensle av ikkje å ha Sobril i skapet, og det er herleg å ha kontroll over min eigen situasjon att. Eg har ikkje tatt Sobril på eit år no, men eg er likevel veldig glad for at det fantes då eg var i krise og livet blei snudd på hovudet. 

Bildet viser Anja Dahle Øverbye
Bildet viser en illustrasjon av pasient

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse