fbpx Evna til å be om hjelp er vesentleg Hopp til hovedinnhold

Evna til å be om hjelp er vesentleg

Bildet viser to personer som kommuniserer

Den beste garantien for at pasientane får trygge og forsvarlege tenester, ligg i helsepersonellets kompetanse. Dette er også tydeleg avspegla i lovgivinga.

Ei forsvarleg ordning for lækjemiddelhandtering må etter mi vurdering vera slik at den er tydeleg på kva den einskilde sjukepleiaren, og også personell med annan bakgrunn, kan gjera. Det betyr at ordningane må seia noko om kva som ligg utanfor tillatinga, og gjerne også noko om når ein skal søkja støtte. Det er faktisk ein del av kravet til forsvarleg verksemd at ein kjenner grensene for sin eigen kompetanse og både veit og vil søkja støtte når det er nødvendig.

Bør inn i utdanninga

Slik sett er det litt beklageleg at den tradisjonelle eksamen i medikamentrekning i sjukepleiestudiet ikkje tar opp i seg evna til å be om hjelp. Den evna må då utviklast gjennom utdanninga og oppretthaldast på alle arbeidsstader. Noko av det mest vesentlege verksemdsleiarane då må passa på, er at det i det daglege blir gitt rom for refleksjon og diskusjon om lækjemiddelhandteringa.

Må byggje på realkompetanse

Helsepersonellova § 4 krev mellom anna at personellet skal utføra arbeidet sitt i samsvar med det vi kan venta oss ut frå dei kvalifikasjonane personellet har.

Dei kvalifikasjonane det her er snakk om, handlar om realkompetanse. Ein måte å forstå dette på, er å sjå på den formelle utdanninga, til dømes ein bachelorgrad i sjukepleie med etterfølgjande autorisasjon, som ein «inngangsbillett» til visse stillingar i helsetenesta. Den formelle utdanninga er slik slett eit samlande og standardisert grunnlag for å yta helsetenester. Men det betyr ikkje at ein sjukepleiar, eller lege for den saks skuld, har kompetanse til å yta helsehjelp på lik linje med andre frå same profesjonen i alle situasjonar.

I tillegg til å ha den grunnleggjande kunnskapen som grunnutdanninga og eventuell spesialistutdanning gir, må helsepersonellet også vera i stand til å møta dei konkrete behova som undersøking og behandling av kvar einskild pasient stiller ein overfor, på ein fagleg forsvarleg måte. Det er slett ikkje alltid at den kunnskapen og dugleiken ein har opparbeidd gjennom utdanning er nok. Metodane og forståingsmåtane innanfor sjukepleie, nett som i resten av helsefaga, endrar seg etter som tida går. Like eins kan ulike tenestestader yta forsvarlege tenester på noko ulike måtar.

Det er derfor ganske vesentleg for ein kvar sjukepleiar å forstå at arbeidet ein skal gjera, både må byggja på den grunnleggjande faglege kunnskapen som gjeld til ei kvar tid, og korleis faget blir utøvd i praksis på den einskilde arbeidsstaden. Kravet i § 4 er i utgangspunktet retta mot den einskilde sjukepleiaren, men heldigvis står ein ikkje åleine om det.

Ansvaret til verksemda i paragrafane

Krav i andre lover, slik som helse- og omsorgstenestelova § 4-1 og spesialisthelsetenestelova § 2-2, viser at kravet om å yta forsvarlege tenester også ligg på verksemdene. Koplinga mellom det kravet som er retta mot kvar einskild sjukepleiar og det verksemda har ansvar for, finn vi i helsepersonellova § 16. Den seier at verksemder som yter helse- og omsorgstenester, skal organiserast slik at personellet blir i stand til å overhalda dei lovpålagte pliktene.

Arbeidsgivaren har dermed eit ansvar for å sikra at personellet både blir sette til å gjennomføra oppgåver som dei har realkompetanse for å meistra, på ein trygg og forsvarleg måte, og om nødvendig gir rettleiing og opplæring slik at den nødvendige realkompetansen blir utvikla.

Arbeidsgivaren kan då ikkje gjera det så enkelt for seg at ein seier at «ein sjukepleiar er ein sjukepleiar». Verksemda må ha praktisk brukbare og fungerande ordningar som sikrar at kvar einskild sjukepleiar er i stand til å arbeida forsvarleg, og når det er nødvendig be om støtte eller ytterlegare rettleiing og opplæring.

Dette gjeld allment sett, men det gjeld også dei særlege ordningane som handlar om handtering av lækjemiddel.

Forskrifta om lækjemiddel

I denne forskrifta (av 3. april 2008 med seinare endringar) er det sett opp ei rekkje spesifikke krav til det meste som handlar om handtering av lækjemiddel i helse- og omsorgstenesta. Etter denne forskrifta er det også tydeleg at både den einskilde helsearbeidaren og verksemda må dela på ansvaret. Det tyngste ansvaret er likevel lagt på verksemdsleiaren, jf. § 4.

Vedkommande har ansvaret for å byggja opp systemet for handteringa, og då også sikringa av at det personellet som skal handtera lækjemiddel, har tilstrekkeleg kompetanse. Det er viktig å merka seg at kompetansen til personellet skal vurderast individuelt. Utgangspunktet er da vedkommande sine formelle og reelle kvalifikasjonar og også arten av arbeidsoppgåver.

Opnar ikkje for å handtera lækjemiddel

I ordlyden her er det ikkje sagt noko spesielt om sjukepleiarar. Det må vi ta som eit signal om at autorisasjon som sjukepleiar ikkje utan vidare opnar opp for å handtera lækjemiddel. Dette må vurderast, som nemnd ovanfor, med grunnlag i utdanning og erfaring, og ikkje minst arten av det arbeidet som skal utførast.

Slik sett tvilar eg på om ordningar og prosedyrar som utan atterhald eller vilkår seier at sjukepleiarar kan handtera lækjemiddel er i samsvar med det som forskriftsgivaren har tenkt seg. Ei sak er relativt enkle og standardiserte oppgåver, som til dømes å plukka fram ein tablett Furosemid 20 mg kvar morgon og gi dette til namngitte pasientar, eller ein tablett Apocillin 660 mg fire gonger dagleg i 10 dagar.

Noko anna blir det dersom Furosemid skal doserast ut frå graden av leggødem, eller når ein manglar Apocillin og må leita etter synonympreparat. For ikkje å trekkja fram når eit antibiotikum i pulverform skal oppløysast i væske og injiserast. Då tenkjer eg at verksemdsleiar ikkje utan vidare kan leggja til grunn at alle sjukepleiarar kan handtera det, berre ut frå ein skriven prosedyre.

0 Kommentarer

Utfordringer på medisin=rommet: – Sykepleierne må si ifra at «sånn kan vi ikke ha det!» Forrige artikkel Ikke alle legemidler tåler lys Neste artikkel